Møre og Romsdal har høg deltaking i utvalde kulturorganisasjonar
Ifølge rapporten Kulturfeltets plass i samfunnsutviklinga frå Samfunnsøkonomisk analyse viser forsking at deltaking i kulturelle aktivitetar, både som utøvar eller publikum, har positive effektar på helse, læring og sosialt fellesskap.
Norsk kulturindeks 2025 viser at frivilligheita er sterk i Møre og Romsdal, og viktig for det lokale kulturlivet. I Møre og Romsdal finn vi til saman 14 939 medlemmer i utvalde kulturorganisasjonar. Av desse er 4 740 medlem i korps, 3 827 medlem av kor, 3 974 medlem av historielag, 1 230 medlem av husflidslag og 1 168 medlem av kunstlag.
Den totale deltakinga i dei utvalde frivillig organisasjonane i Møre og Romsdal utgjorde 55 medlemmer per 1000 innbyggarar, 29 % over landsgjennomsnitt. Fylket har den høgaste korps- og kunstlagsdeltakinga av alle fylka. På samfunns- og individnivå er dette er eit godt teikn for sosial tilhøyrsle, innanforskap og folkehelse.
Kultur på tvers av sektorar
Kulturfaga har eigenskapar som samfunnet treng, men det er framleis potensiale til å bidra enda betre og breiare i samfunnsutviklinga. I NOU 25:7 Musikklandet – Flerstemt musikkpolitikk for framtiden blir det mellom anna trekt fram i kva rolle musikk spelar og kan spele i å realisere potensial i utdanning og som helseressurs.
Møre og Romsdal har gode kulturskolar, og nyttar kulturskolane sine tilsette i større grad enn andre fylker inn i aktivitetar som ikkje er retta mot kulturskoleelevane. 26 prosent av totale årstimar i Møre og Romsdal blir utført av undervisningspersonale til aktivitetar som ikkje er retta mot kulturskoleelevar. Dette betyr at kommunane får nytta kompetansen tverrfagleg frå høgt utdanna personale innan praktisk-estetiske fag og kulturfag, for eksempel innan grunnskole, barnehage eller aktivitetar for eldre. Å mobilisere kompetansen av tilsette innanfor kunst og kultur kan gjere avstanden mellom sektorar mindre og gi gevinstar i verksemda og for innbyggarane.
Også i koplinga helse – kultur er det store uutnytta moglegheiter. I musikkterapien blir musikk brukt til å auke livskvalitet, betre helse og fremme utvikling hos ulike brukargrupper, som demensramma, barn med nedsett funksjonsevne eller i rusomsorga. Møre og Romsdal har musikkterapeutar, men det er store regionale variasjonar i tilbodet i musikkterapi. Tal frå Norsk pasientregister (NPR) viser talet på pasientar i helseføretaka registrert med kode for musikkterapi i perioden 2016–2025. Her er det stor skilnad mellom føretaka, og Helse Midt ligg bland dei lågaste i landet.
