17. Kommuneøkonomi

Økonomiske indikatorar

Økonomiske utfordringar i kommuneøkonomien

Kommunesektoren står framfor store økonomiske utfordringar dei komande åra. Kommunane har eit omfattande ansvar for viktige velferdstenester, men økonomien blir stadig meir pressa. Når utfordringane veks, vert det enda viktigare – og vanskelegare – å prioritere klokt politisk.  

Vi står ovanfor store utfordringar i åra som kjem. Kommunane har ansvar for å løyse viktige oppgåver. Kommuneøkonomien blir trongare, og når utfordringane er store, blir dei politiske prioriteringane vanskelegare og viktigare.

Svake driftsresultat og høg gjeld

Dei mest sentrale indikatorane i kommuneøkonomien er netto driftsresultat, storleiken på disposisjonsfond og gjeldsgraden. Det er samanhengen mellom desse indikatorane som gir uttrykk for kommunens økonomiske tilstand.  

Netto driftsresultat er hovudindikatoren på den økonomiske situasjonen i kommunane. Netto driftsresultat er summen av alle inntekter minus alle utgifter. Teknisk berekningsutval (TBU) tilrår at netto driftsresultat for kommunesektoren bør liggje på minst 1,75 % av brutto driftsinntekt over tid for å sikre ei berekraftig økonomiforvaltning. I 2025 er det berre fem kommunar i fylket som oppnår dette nivået, medan heile 22 kommunar låg under dette anbefalte nivået og 15 av desse hadde eit negativt netto driftsresultat. Dette viser at dei fleste av kommunane har eit kostnadsnivå som er for høgt i høve inntektene. Kommunar som har hatt negativt driftsresultat over fleire år, må ta grep og arbeide for å bringe økonomien i balanse. Det er viktig å gjere nødvendige politiske vedtak så tidleg som mogleg for å sikre ein sunn kommuneøkonomi og unngå at situasjonen forverrar seg før ein tek grep. 

Disposisjonsfondet er kommunens «sparepengar». Det vert tilrådd at disposisjonsfondet utgjer minst 5-10 prosent av brutto driftsinntekt. Eit slikt fond gir handlingsrom til å handtere svingingar i økonomien, og kan nyttast til både drifts- og investeringsføremål og skal brukast om kommunerekneskapen viser meirforbruk.  Det er tydeleg å sjå at fleire kommunar har balansert ein vanskeleg økonomisk situasjon med tidlegare oppsparte midlar. For mange er det snart tomt.

Netto lånegjeld i prosent av brutto driftsinntekt er ein annan sentral indikator på den økonomiske tilstanden i kommunen. Netto lånegjeld blir brukt som mål på kommunen si gjeld knytt til tenesteytinga. Gjeldsnivået er svært høgt for mange av kommunane i Møre og Romsdal.  

Renteeksponert gjeld er den delen av kommunen si gjeld som vert direkte påverka av endringar i rentenivået. Med langvarig høgt rentenivå går store delar av driftsbudsjettet til rentekostnader.  

Samla sett må mange kommunar i Møre og Romsdal ta grep for å oppnå økonomisk balanse i tida som kjem. Om nødvendige tiltak ikkje vert gjennomførte no, er det stor fare for at fleire kommunar vert innmeldt i ROBEK.  

Forrige tema:
Neste tema: