4. Sysselsetting og næringsliv

Sysselsetting menn og kvinner

Kjønnsdelt arbeidsmarknad

Det er framleis store forskjellar mellom kjønna når det kjem til yrkesval. Kvinner er i stort overtal i helse- og sosialtenestene, heile 39,1 prosent av sysselsette kvinner i fylket arbeider i denne næringa. Samtidig er det berre 7,5 prosent av sysselsette menn som arbeider i helse- og sosialtenestene. Situasjonen er motsett i sekundærnæringane, i 4. kvartal 2025 arbeidde 39,8 prosent av dei sysselsette mennene i fylket i denne næring mot 10,7 prosent av sysselsette kvinner. Same forholdet er det i primærnæringane der 6,4 prosent av mennene er sysselsett og 1,5 prosent av kvinnene. I undervisning er kvinnene i overtal, i 4. kvartal 2025 var 11,5 prosent av kvinnene sysselsett i denne næringa, tilsvarande gjelder dette for 4,3 prosent av sysselsette menn.

Fleire næringar med høg andel midlertidige stillingar

I fleire næringar i fylket er andelen sysselsette i midlertidige stillingar høg. Næringa Overnattings- og serveringsverksemd er eit døme på ei næring som har mange midlertidige stillingar. Dette er ei næring med store sesongvariasjonar, så det er nok hovudårsaken til dei mange midlertidige stillingane. Av kvinnene som arbeider i næringa har 21,7 prosent av dei tilsette midlertidige stillingar i 4. kvartal 2025, mens for menn er det 17,1 prosent som har slik tilsetting.  

I næringa Helse- og sosialtenester er det òg mange midlertidige stillingar. I denne næringa er det 28,0 prosent menn og 24,0 prosent kvinner som har midlertidige stillingar. Behovet for ferievikarar og mindre helgestillingar for å få turnusar til å gå opp, kan vere litt av forklaringa til at ein relativ stor del av dei tilsette har midlertidige stillingar.  

Både i helse- og sosialtenestene og andre næringar kan mangel på tilstrekkeleg kompetanse vere årsaka til at tilsette ikkje har fast stilling. I mange yrke må ein ha godkjent utdanning for å få tilsetting i fast stilling.  

Adelen med midlertidige stillingar er rekna ut på bakgrunn av dei som har oppgitt tilsettingsform. I statistikken er det fleire næringar som har mange sysselsette som ikkje har opplysningar om tilsettingsform. Spesielt gjer dette seg gjeldande i næringa Jordbruk, skogbruk og fiske, der 405 kvinner og 2 794 menn, ikkje har oppgitt tilsettingsform i 4. kvartal 2025. Årsaka til dette er at mange i denne næringa er sjølvstendige næringsdrivande og tilsettingsform er ikkje registrert i statistikken.  

Forrige tema:
Neste tema: