15. Bustadmarknaden

Buforhold

Dei fleste eig egen bustad

68 prosent av hushalda i Møre og Romsdal er sjølveigarar, medan 25 prosent leiger bustad. Dei resterande 7 prosentane av hushalda bur i burettslag eller aksjesameige. Dei siste ti åra har andelen som eig bustaden sin eller bur i burettslag og aksjesameige auka i dei fleste kommunane i fylket. Leigeandelen har dermed gått ned i ein del kommunar, medan utviklinga har vore stabil eller auka svakt i byane.

Sjølveigarandelen er jamt over lågare i byane og dei folkerike kommunane enn i distrikta, men samtidig er også burettslag og aksjesameige meir vanleg i sentrale strøk. Giske har den høgste sjølveigarandelen i fylket med 81,8 prosent, medan Sunndal har den lågaste med 57,6 prosent. Til gjengjeld har Sunndal klart høgst andel hushald i burettslag eller aksjesameige med 23,2 prosent. Volda har den høgste leigeandelen i fylket med 35,8 prosent.

Møre og Romsdal er eit sterkt einebustadfylke. 58,4 prosent av hushalda i fylket bur i einebustad. Andelen som bur i einebustad har likevel gått noko ned dei siste åra (frå 62,7 prosent i 2015), og fleire enn før bur no i andre bustadtypar. I distriktskommunane bur ein langt større del av innbyggarane i einebustad enn i byane. Hushalda i Kristiansund har den mest varierte bustadstrukturen, og har den lågaste einebustadandelen i fylket med 37,6 prosent. Hushalda på Smøla har den mest einsidige bustadstrukturen, og den høgste einebustadandelen med 87,7 prosent.

Relativt få bur trongt

Om ein bur trongt blir ofte brukt som ein levekårsindikator. Det kan seie noko om eit hushald sine materielle og økonomiske føresetnader for eit godt liv, og moglegheita den enkelte har for privatliv, leik og kvile. SSB definerer trongbuddheit som anten at tal rom i bustaden er mindre enn talet på busette, at ein person bur på eit rom, eller at arealet (BRA-I) av bustaden er lågare enn 25 kvadratmeter per busett.

I Møre og Romsdal er det berre Volda  som har ein høgare andel av befolkninga som bur trongt (11,2 prosent) enn landssnittet på 10,2 prosent. Andelen er lågast i Averøy med 3,9 prosent. Dei siste ti åra har den overordna utviklinga vore at færre bur trongt i Møre og Romsdal, men utviklinga dei siste to-tre åra har vore meir samansett, og trongbuddheita har auka igjen i enkelte kommunar.

Stor variasjon i bustadkjøpekraft mellom kommunane

Gjennomsnittleg kvadratmeterpris for ein bustad i Møre og Romsdal er 31 388 kr. Samanhalde med ei gjennomsnittleg årsinntekt i befolkninga på 708 000 kr rekk ei snittårslønn til 22,56 kvadratmeter bustad. Både gjennomsnittleg årsinntekt og kvadratmeterpris for bustader varierer mellom kommunane i fylket, som betyr at bustadkjøpekrafta er ulik. Til dømes held ei gjennomsnittleg årsinntekt i Ålesund til 18,66 kvadratmeter bustad, medan ein får 48,31 kvadratmeter bustad for ei gjennomsnittleg årsinntekt i Aure.

Forrige tema:
Neste tema: