11. Helse og levekår

NEET - Ungdom utanfor arbeid og skole

Fleire i utanforskap

Utanforskap har hatt eit auka fokus dei seinare åra. Temaet er ofte framme i det offentlege ordskiftet, då gjerne med fokus på korleis arbeidslivet kan inkludere fleire. I denne samanhengen er utanforskap knytt til om ein deltek i utdanning, arbeid eller arbeidsmarknadstiltak. Det har vore eit særleg fokus på unge i utanforskap, som har heile arbeidslivet framom seg. I åra som kjem vil talet på personar i yrkesaktiv alder gå ned, det er av den grunn viktig å inkludere så mange som mogleg i arbeid og utdanning. Det er viktig for samfunnet som treng arbeidskraft, men det er òg særs viktig for den enkelte som står utanfor.

I 2025 auka talet på 15–29-åringar i fylket som stod utanfor arbeid, utdanning og arbeidsmarknadstiltak. Denne gruppa blir gjerne omtala som NEET, som er forkorting for «Not in education, employment or training». Internasjonalt er dette eit kjent omgrep for unge som står utanfor utdanning og arbeid. I 2025 var 9,4 prosent av alle unge i fylket (15-29 år) utanfor arbeid, utdanning og arbeidsmarknadstilbod, ein auke frå 8,9 prosent i 2024. Nasjonalt var det 10,1 prosent som var i same situasjon, ein oppgang frå 2024 på 0,2 prosentpoeng. Av kommunane var NEET-gruppa størst i Hareid og Gjemnes med 18,9 og 17,1 prosent. Lågast del i utanforskap var det i Ørsta (7,0) og Fjord (7,1).

Ser vi heile landet under eitt, var det 105 318 personar i alderen 15-29 år som i 2025 sto utanfor arbeid, utdanning og arbeidsmarknadstiltak. I Møre og Romsdal utgjorde NEET-gruppa 4 614 personar i 2025 mot 4 330 personar i 2024. I 2025 var 24,1 prosent av  innvandrarane i aldersgruppa 15-29 år i Møre og Romsdal ikkje i arbeid, utdanning eller arbeidsmarknadstiltak, ein auke frå 22,2 prosent i 2024. For resterande del av aldersgruppa 15-29 år var det 6,7 prosent som var i NEET-gruppa, ein svak auke frå 2024 då 6,4 prosent var i same situasjon.  

Forrige tema:
Neste tema: