4. Sysselsetting og næringsliv

Sysselsette etter sektor

Få statlege arbeidsplassar

Møre og Romdal har låg andel statlege arbeidsplassar og det er berre i Rogaland at færre av dei sysselsette er tilsett i statlege stillingar. I 4. kvartal 2025 var det i Møre og Romsdal 11 374 personar eller 8,5 prosent av dei sysselsette som var tilsett i staten. I Rogaland var andelen i statlege stillingar 7,6 prosent. I Troms er heile 20,1 prosent av dei sysselsette tilsett i statleg sektor. I Troms er forsvaret ein viktig og stor arbeidsgivar, i tillegg til sjukehusa og universitet. Forsvaret er til dømes ikkje ein like stor arbeidsgivar i Møre og Romsdal. Etter Troms er det i Oslo ein finn flest statstilsette med ein andel av dei sysselsette på 15,2 prosent. Snittet for landet er at 11,6 prosent av dei sysselsette arbeider i statlege stillingar.

Flest tilsette i privat sektor

Totalt er det sysselsett 2 872 855 personar i Noreg i 4. kvartal 2025, ein oppgang frå 2 863 417 i 4. kvartal 2024. Den totale sysselsettinga vaks med 9 538 sysselsette eller 0,3 prosent frå 4. kvartal 2024 til 4. kvartal 2025. I privat sektor var det i 4. kvartal 2025 tilsett 1 846 608 personar, ein oppgang frå 1 841 510 i 4. kvartal 2024. Sysselsettinga i privat sektor vaks med 5 098 sysselsette eller 0,3 prosent. Nasjonalt arbeidde 64,3 prosent av alle sysselsette i privat sektor.

Det var nasjonalt ein auke i talet på sysselsette både i statsforvaltninga og i fylkeskommunal forvaltning. Sysselsette i staten auka frå 332 828 i 4. kvartal 2024 til 338 769 i 4. kvartal 2025, mens sysselsettinga i fylkeskommunane vaks frå 58 902 i 4. kvartal 2024 til 49 416 i 4. kvartal 2025. Denne utviklinga finn ein ikkje i Møre og Romsdal. Her gjekk talet på tilsette i staten ned med 257 og talet på tilsette i fylkeskommunen gjekk også ned med nokre stillingar.

I kommunane var det ein nedgang i sysselsettinga både nasjonalt og i Møre og Romsdal. I fylket var nedgangen på 101 tilsette frå 4. kvartal 2024 til 4. kvartal 2025.

Det er dermed privat sektor som gjer at sysselsettinga i Møre og Romsdal aukar. Talet på sysselsette i privat sektor auka frå 85 024 sysselsette i 4. kvartal 2024 til 85 333 sysselsette i 4. kvartal 2025, ein auke på 309 sysselsette eller 0,4 prosent. Av alle sysselsette i fylket er 63,8 prosent sysselsett i privat sektor.

Volda størst andel tilsette i offentleg sektor

Av kommunane i fylket er det Volda som har høgast del sysselsette i offentleg sektor, med ein andel på 47,0 prosent. I kommunen ligg det både eit sjukehus og ein høgskole med mange statlege tilsette, i tillegg til dei ordinære kommunale oppgåvene som ligg til alle kommunar. Deretter kjem Tingvoll med ein andel på 41,7 prosent. Lågast del offentlege arbeidsplassar er det i Herøy og Ulstein med ein andel på høvesvis 21,8 og 21,9 prosent.

Forrige tema:
Neste tema: