Betre tannhelse blant 18-åringar og styrkte rettar mot vaksne
Fleire ungdommar i Møre og Romsdal går inn i vaksenlivet med betre tannhelse enn tidlegare. Samstundes har utvida tannhelserettar gitt fleire unge vaksne tilgang til tannbehandling i den offentlege tannhelsetenesta.
Fleire 18-åringar utan karies
Innsamla data frå 2025 viser ei betring i tannhelsa til 18-åringane i Møre og Romsdal. Delen 18-åringar utan karieserfaring (DMFT=0) auka til 28 prosent, opp frå 24 prosent året før. Samstundes gjekk delen 18-åringar med omfattande karieserfaring, dvs. karies imeir enn 9 tenner (DMFT>9), ned til 6,0 prosent i 2025, frå 7,7 prosent i 2024 og 11,1 prosent i 2019. Utviklinga tyder på at fleire ungdommar går inn i vaksenlivet med betre tannhelse enn tidlegare.
Sjølv om utviklinga er positiv, ligg fylket framleis under landsgjennomsnittet. I 2025 var 28 prosent av 18-åringanei Møre og Romsdal utan karieserfaring, mot 34 prosent på landsbasis. Dette peikar mot eit behov for vidare målretta førebygging og tidleg innsats gjennom barne- og ungdomsåra.
Fleire pasientar etter utvida rettar
Overgangen til vaksenlivet inneber ikkje lenger eit like tydeleg skilje i tannhelsetilbodet som tidlegare. Dei siste åra har fleire aldersgrupper fått rett til rabattert behandling i den offentlege tannhelsetenesta. Frå 1. juli 2025 fekk ei ny pasientgruppe - unge vaksne i alderen 25 til 28 år - rett til tannbehandling med 75 prosent rabatt. I Møre og Romsdal utgjorde den nye gruppa om lag 8 500 personar, og allereie i innføringsåret var 2 385 av desse under tilsyn i tannhelsetenesta.
Tala for 2025 viser at mange unge vaksne i fylket nyttar seg av tilbodet. Dekningsgraden (andel i målgruppa som har vore til undersøking eller behandling) var 61 prosent blant 19–20-åringar og 34 prosent blant 21–24-åringar. For den nye gruppa 25–28-åringar nådde dekningsgraden 28 prosent i løpet av det første halve året ordninga var i drift. Forskjellar i dekningsgrad innan gruppa unge vaksne 19-28 år heng i stor grad saman med den gradvise innføringa av ordninga. Dei yngste har hatt lengre tid til å nytte tilbodet.
Utvidinga av tannhelserettar for unge vaksne har gitt den offentlege tannhelsetenesta fleire pasientar og har auka etterspurnaden etter tannbehandling. Dette gjer rekruttering og stabil tilgang på tannhelsepersonell til ei av dei viktigaste utfordringane for fylkeskommunen.