3. Arbeidsmarknad

Arbeidsløyse og sjukefråvær

Kvinnene i fylket har høgare sjukefråvær enn landsgjennomsnittet

Det legemeldte sjukefråværet i Møre og Romsdal gjekk opp frå 5,8 prosent i 2. kvartal 2025 til 5,9 prosent 2. kvartal 2026. Nasjonalt var det den same utviklinga med ein oppgang i det legemeldte sjukefråværet frå 5,6 prosent til 5,7 prosent. Med andre ord var det lite endring  i sjukefråværet frå 2. kvartal i 2025 til 2. kvartal 2026, både i Møre og Romsdal og i landet som heile. Ser vi sjukefråværet over litt fleire år har det likevel vore ei relativt markant auke. Det legemeldte sjukefråværet var i 2. kvartal 2020 på 5,4 prosent i Møre og Romsdal og 5,0 prosent for landet. Veksten i sjukefråværet nasjonalt var på 0,7 prosentpoeng frå 2. kvartal 2020 til 2. kvartal 2026 og 0,5 prosentpoeng i Møre og Romsdal. Med tanke på at det i åra som kjem blir færre i yrkesaktiv alder, er det sjølvsagt urovekkande at sjukefråværet aukar.

Av kommunane i fylket var sjukefråværet høgast i Sande og Vanylven, med høvesvis 7,5 og 7,4 prosent i 2. kvartal 2026. Lågast sjukefråvær var det i Ulstein med 4,9 prosent og Stranda med 5,0 prosent. Ser vi på fylka, kjem Oslo best ut med eit legemeldt sjukefråvær på 4,8 prosent. Høgast sjukefråvær var det i Østfold med 6,8 prosent, tett følgt av Finnmark med 6,7 prosent.  

Det er langt høgare sjukefråvær for kvinner enn for menn. I 2. kvartal 2026 var det legemeldte sjukefråværet på 8,0 prosent for kvinner i fylket, mens det var 4,1 prosent for menn. Nasjonalt er det legemeldte sjukefråværet for kvinner 7,5 prosent i 2. kvartal 2026 mot 4,1 prosent for menn.

Framleis låg ledigheit

I august 2026 var det ifølge NAV sin statistikk 1,8 prosent heilt ledige i fylket. Nasjonalt var 2,1 prosent av arbeidsstyrken heilt ledige. Lågast ledigheit var det i Troms og Nordland med høvesvis 1,3 prosent og 1,6 prosent. Høgast var ledigheita i august 2026 i Oslo med 2,8 prosent, tett følgt av Østfold med 2,7 prosent.

Av kommunane i fylket hadde Aure den lågaste delen heilt ledige i august 2026, med 1,1 prosent. Høgast arbeidsledigheit var det i Hareid og Volda med 2,6 prosent og 2,4 prosent heilt ledige. I fem av kommunane i fylket var ledigheita høgare enn landssnittet. Av dei tre største byane var delen heilt ledige størst i Kristiansund med 2,0 prosent, mens det var 1,8 prosent og 1,7 prosent heilt ledige i Ålesund og Molde.

Forrige tema:
Neste tema:

Legemeldt sjukefråvær (16-69 år) 2. kvartal 2025 og 2. kvartal 2026, etter bustadkommune og kjønn, prosent

Klikk på bildet for å se forhåndsvisning
Filstørrelse:
63 kB