Utvikling i jordbruksareal som ikkje blir drifta
Jordbruksareal er grunnlaget for matproduksjon. Berre mat frå fisk og vilt blir produsert utan bruk av jordbruksareal. Berre om lag 3,5 prosent av landarealet i Noreg er jordbruksareal, og dermed ein avgrensa ressurs. Likevel er ein god del av dette arealet ikkje i bruk.
Grunnar til at jorda ikkje blir drifta
Det er fleire årsaker til at jordbruksareal går ut av drift. For eksempel kan små teigar, bratt terreng og dårleg drenering gjere areala vanskelege å bruke. Samstundes har talet på aktive gardsbruk gått ned. Meir jordbruksareal ligg dermed langt frå driftssentera til dei som driv jorda.
Korleis måler vi areal ute av drift?
Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) kartlegg mellom anna arealressursar. Dei har statistikk og kart som viser kor mykje areal som kan vere ute av drift.
Formuleringa «kan vere ute av drift» blir brukt fordi det er mogleg å drive jordbruksareal utan å søkje om arealtilskot. Vi reknar likevel med at det meste av arealet som er registrert som mogleg ute av drift, faktisk ikkje er i bruk.
Innmarksbeite oftare ute av drift
NIBIO sine tal viser tydeleg at ein langt større del av innmarksbeita er ute av drift enn den dyrka jorda. Tala har haldt seg relativt stabile dei siste åtte åra. Det er likevel tydelege skilnader mellom kommunar og mellom ulike delar av landet.
Nord-Noreg har den største delen jordbruksareal ute av drift. Møre og Romsdal ligg på om lag same nivå som andre fylke med mykje grasproduksjon; Vestland, Agder og Telemark. I fylket vårt er det Hustadvika, Gjemnes, Surnadal, Sunndal og Rauma som held mest areal i drift, og mindre enn 10 prosent areal ute av drift. Sula, Sande, Kristiansund, Herøy og Hareid har mest areal, meir enn 30 prosent av dyrkajorda, ute av drift.
Stabilt nivå, men endringar i arealbruken
Sjølv om den samla delen jordbruksareal ute av drift har vore stabil sidan 2018, betyr ikkje det at arealbruken står stille. Jordbruksareal blir stadig omdisponert til andre formål, som bustader, næringsområde og vegar, samstundes som nytt areal blir dyrka opp. Ofte går matjord i område med stort utbyggingspress tapt. Areal som kan dyrkast opp, er som regel mindre eigna til jordbruk enn areala som allereie er i drift. Slike areal ligg ofte i område der jorda berre eignar seg til grasproduksjon.