3. Arbeidsmarknad

Arbeidsplassdekning

Auke i arbeidsplassdekning i fleire kommunar på Sunnmøre

Arbeidsplassdekning er talet på arbeidsplassar (sysselsette etter arbeidsstad) i prosent av talet på arbeidstakarar busett i kommunen (sysselsette etter bustad). Arbeidsplassdekning på over 100 prosent betyr at kommunen har fleire arbeidsplassar enn arbeidstakarar i kommunen. Det inneber at arbeidstakarar busett i andre kommunar eller frå utlandet må pendle inn.

Sju av kommunane i fylket hadde 4. kvartal 2025 over 100 prosent arbeidsplassdekning. Dette er, i rangert rekkefølge; Molde, Ålesund, Ulstein, Sunndal, Herøy, Stranda og Sande. Sistnemnde har passert 100 prosent i 2025. Volda har på den andre sida gått frå 101,0 prosent til 99 prosent dekning. Størst endring i arbeidsplassdekninga frå 2024 til 2025 er det i Herøy kommune som går frå 102 til 106 prosent arbeidsplassdekning. Det er vekst i arbeidsplassdekninga i 9 av 27 kommunar frå 2024 til 2025. Dette er alle kommunar på Sunnmøre, i tillegg til Molde.

Det er Molde kommune som har høgast arbeidsplassdekning, med 117 prosent. Det inneber at dei har 2 897 fleire arbeidsplassar enn arbeidstakarar. I Ålesund er arbeidsplassdekninga på 110 prosent, 0,5 prosentpoeng opp frå 2024. Kristiansund har ei arbeidsplassdekning på 97 prosent, ein nedgang på eit prosentpoeng frå 2024.  

Kommunane Giske, Sula, Gjemnes og Hustadvika har alle låg arbeidsplassdekning. Dette er kommunar som ligg tett på dei tre største byane i fylket og mange pendlar inn til arbeidsmarknaden i byane. Giske og Sula har til dømes ei arbeidsplassdekning på 62 og 64 prosent. Mange av dei yrkesaktive i desse kommunane er med andre ord avhengig av å pendle ut av kommunen på arbeid.

Totalt for Møre og Romsdal er det ei arbeidsplassdekning på 97 prosent. Det betyr at 4 526 personar som bur i fylket har arbeidet sitt ein annan stad i landet eller i utlandet. Dette talet har endra seg lite dei siste ti åra.

Forrige tema:
Neste tema: