4. Sysselsetting og næringsliv

Sysselsette etter næring

Flest sysselsett i helse- og sosialtenestene

Av alle dei 133 756 sysselsette i 4. kvartal 2025 i fylket, var flest av dei sysselsett i helse- og sosialtenestene . I 4. kvartal 2025 var 29 705 personar sysselsett i helse- og sosialtenestene, noko som utgjer 22,2 prosent av alle sysselsette i fylket. Nasjonalt er det 20,8 prosent av alle sysselsette som arbeider i denne næringa.  

Nest etter helse- og sosialtenestene er det i industrien at flest er sysselsett. I 4. kvartal 2025 var det sysselsett 20 639 personar i denne næringa, dette utgjer 15,4 prosent av alle sysselsette i fylket. Nasjonalt er det 7,7 prosent av alle sysselsette som arbeider i industri, så Møre og Romsdal kan med rette kalle seg eit industrifylke. Varehandelen i fylket er ei viktig næring som sysselsett mange, i 4. kvartal 2025 var det 15 418 personar som arbeidde i denne næringa. Næringane undervisning og bygge- og anleggsverksemd er òg døme på næringar som sysselsett mange personar i fylket, med høvesvis 10 239 og 9 966 personar i 4. kvartal 2025.

Vekst i sysselsettinga i industrien

Det var ein vekst i sysselsettinga i industrien på 2,7 prosent frå 4. kvartal 2024 til 4. kvartal 2025. I perioden 4. kvartal 2021 til 4. kvartal 2025 var veksten i sysselsetting i denne næringa på 7,0 prosent. I næringa bygge- og anleggsverksemd er situasjonen ein annan. Frå 4. kvartal 2024 til 4. kvartal 2025 gjekk sysselsettinga ned med -3,1 prosent. Ser vi på perioden frå 2021 til 2025 gjekk sysselsetting ned med -7,0 prosent. Høgare rente og auka prisar på byggevarer og andre innsatsfaktorar er nok hovudårsakene til denne utviklinga. Desse forholda har bidratt til eit lågare aktivitetsnivå i næringa. Det var òg nedgang i sysselsettinga i næringa overnattings- og serveringsverksemd, frå 4. kvartal 2024 til 4. kvartal 2025, sysselsettinga i næringa vart redusert med -3,5 prosent.

Fleire kommunar med over 40 prosent sysselsett i industrien

I tre av kommunane i fylket har over 40 prosent av alle sysselsette sitt arbeid i industrien. I 4. kvartal 2025 arbeidde heile 41,4 prosent av dei sysselsette i Sykkylven i denne næringa. I kommunane Haram og Sande arbeidde 40,7 prosent og 40,5 prosent i industrien. Fjord har den lågaste andelen sysselsette i industrien. Der arbeidde, i 4. kvartal 2025, berre 4,6 prosent av alle sysselsette i industrien. Dette er langt lågare enn snittet for fylket på 15,4 prosent og lågare enn det nasjonale snittet på 7,7 prosent.

Forrige tema:
Neste tema: