11. Helse og levekår

Eldre og bustad

Bustad og eldre

Talet på eldre veks mykje dei neste 10-15 åra. I 2041 vil det vere 65,9 prosent fleire eldre over 80 år i fylket enn i dag. Ein vekst frå 15 811 eldre over 80 år i 2026 til 26 232 i 2041. Som følge av denne veksten blir det diskutert korleis ein skal bygge gode berekraftige helse- og omsorgstenester for eldre. I dette har kommunane eit stort ansvar som tenesteleverandør. Det blir no arbeidd i alle kommunar med tenester og tiltak på ulike nivå, frå heimebasert omsorg til døgnpleie i institusjon.  

I tillegg til dei tiltaka som kommunar og andre står for, er det òg fokus på kva ein sjølv kan gjere for å tilpasse seg alderdommen. Ta grep om eigen alderdom høyrer vi oftare i det offentlege ordskiftet. I dette har bustaden og kor bustaden er lokalisert,  kome opp som ein viktig faktor og noko som den enkelte må ta hand om. Ein betre tilpassa bustad gjer det lettare å vere sjølvstendig og gjer det mogleg å bu lenger i eigen heim. For mange handlar dette om å skifte bustad frå store einebustadar til mindre og meir sentralt plasserte leilegheiter. I mange distriktskommunar er dette, for mange, eit økonomisk krevjande skifte. Bustadverdiane på eldre einebustadar er låge, sett i forhold til leilegheiter meir sentralt plassert i kommunane.

Korleis bur eldre i fylket?

Ved hjelp av data frå SSB og kartanalysar er det mogleg å seie litt om korleis eldre i fylket bur.

I 2026 er det 2 820 eldre over 80 år som bur åleine i einebustadar i Møre og Romsdal. Ikkje uventa er det i tal flest i Ålesund og Molde, med høvesvis 337 og 276 eldre. Talet er lågare i Kristiansund, der er det 136 personar over 80 år som bur åleine i einebustad. I Hustadvika og Herøy er det 154 og 152 åleinebuande over 80 år i einebustad. Ser vi dette i prosent av eldre over 80 år i kommunane, endrar biletet seg. I Sande og Vanylven bur høvesvis 34,1 og 33,5 prosent av dei eldre over 80 år åleine i einebustadar. Lågast del eldre over 80 år i einebustadar er det i Kristiansund med 9,9 prosent, følgd av Ålesund og Molde med høvesvis 11,5 prosent og 14,0 prosent. Busettingsmønsteret og typen bustadar som er tilgjengeleg i ein kommune spelar sjølvsagt inn på val av bustad.

Avstand til viktige servicetilbod

Avstanden til viktige servicetilbod er for mange eldre avgjerande for kor sjølvstendige dei kan vere i alderdomen. Av alle eldre over 80 år bur i dag 8 899 av dei meir enn 500 meter frå ein daglegvarebutikk. Mange må derfor anten køyre sjølv eller bruke offentleg transport for å ta seg til ein daglegvarebutikk. Slik sett er det bra at berre 1 413 av dei eldre over 80 år i fylket bur lenger vekk enn 500 meter frå ein busshaldeplass. Til lege er det langt fleire som har reiseveg, heile 12 893 eldre over 80 år har meir enn 500 meter til lege. For dei aller fleste er legen eller legesenteret eit tilbod ein ikkje nyttar så ofte, då er nok lang reiseveg til daglegvarebutikk ei større utfordring i kvardagen for mange eldre.

Einebustaden er den viktigaste bustadtypen for eldre

I Møre og Romsdal bur dei aller fleste eldre over 80 år i einebustadar. I 2026 bur 8 274 eldre over 80 år i einebustadar. Det er langt fleire enn i dei andre bygningskategoriane. Til samanlikning bur 2 286 eldre over 80 år i bustadblokker/fleirmannsbustadar, 1 847 i rekkehus, kjedehus og andre småhus og 1 126 bur i tomannsbustadar.  

Forrige tema:
Neste tema: