13. Miljø, klima og energi

Transport

Vil halvparten av personbiltrafikken vere elektrisk i 2029?

Transport står for 36-37 prosent av utsleppa i Møre og Romsdal og talet har halde seg stabilt frå 2009 og fram til i dag. Med transport meiner vi luftfart, sjøfart og vegtrafikk. I perioden 2009-2024 har sjøfartssektoren redusert sine utslepp med 2 prosent, tilsvarande drygt 13 000 tonn CO2e. I same tidsrom har vegtrafikken redusert sine utslepp med 25 prosent, som tilsvarar ein reduksjon på knappe 100 000 tonn CO2e.  

Bussar og varebilar har redusert utsleppa noko, medan tunge køyretøy har auka utsleppa. Det er personbiltrafikken som står for den store reduksjonen, med heile 44 prosent frå 2009 til 2024. I same periode som vegtrafikken har redusert utsleppa sine har den totale køyrelengda auka 4 prosent. Det er i hovudsak personbiltrafikk som har stått for auken.

Fortsett køyrer vi mest med fossile personbilar, men ut frå trenden kan det sjå ut til at elbilane vil køyrer like mange km som dei andre drivstofftypane til saman i 2029. I 2009 sto elbilane for 3 prosent av personbilkilometrane, i 2025 var talet 37 prosent.

Samstundes som køyrde km i personbil går opp, går talet på passasjerkilometer med buss ned med over 5 prosent. Skal vi kutte utslepp må vi både gå over til nullutsleppsteknologi og køyre mindre personbil og meir kollektivt, fordi produksjon av bilar og vegutbygging fører til klimagassutslepp.

Flytrafikken frå lufthamnene i fylket har tatt seg opp igjen etter korona-åra, men ligg på eit litt lågare nivå enn før. Dei siste åra har om lag 85 prosent av dei reisande reist til ein annan norsk flyplass. Frå 2016-2025 fløy nesten 50 prosent av dei innanriks reisande frå Ålesund lufthamn, Vigra og heile 89 prosent av utanriksreisene hadde avgang frå Vigra i same periode.

Forrige tema:
Neste tema: