God vekst i fastlandseksporten
Det var ein god vekst i fastlandseksporten* frå Møre og Romsdal frå 2024 til 2025. I 2024 vart det eksportert for 63 850 millionar kroner, noko som auka til 69 982 millionar i 2024, ein vekst på 9,6 prosent. Størst eksport var det frå Vestland med ein eksport på 138 235 millionar norske kroner (138,2 milliardar). Eksporten frå Vestland hadde ein nedgang frå 140 459 millionar i 2024 til 138 234 millionar i 2025, ein nedgang på -2 225 millionar eller -1,6 prosent. I 2025 var fastlandseksporten lågast i Akershus og Finnmark med høvesvis 10 684 millionar og 9 447 millionar norske kroner.
Ser vi heile landet under eitt var fastlandseksporten i 2025 på 768 063 millionar, ein oppgang frå 711 231 millionar i 2024.
*Fastlandseksporten omfattar ikkje sal av olje, gass, skip og oljeplattformer.
Fisk er ei viktig eksportvare
Av fastlandseksporten frå Møre og Romsdal utgjer fisk ein stor del. I 2025 vart det eksportert fisk frå fylket for 33 477 millionar norske kroner. Eksport av fisk utgjer 47,8 prosent av fastlandseksporten frå fylket. Vestland, Nordland og Trøndelag er òg fylke med stor fiskeeksport. I 2025 eksporterte desse fylka høvesvis for 35 137 millionar, 30 838 millionar og 27 603 millionar norske kroner. Næringsgrunnlaget i det enkelte fylke er sjølvsagt avgjerande for kva varegrupper som blir eksportert. Eit døme er eksporten av kjemiske produkt frå Telemark, som er langt større enn for dei andre fylka.
Framleis eksportfylke nr. 1
Menon Economics utformar kvart år ei eksportmelding, som inneheld viktig informasjon og analysar knytt til norsk eksport. I rapporten blir det vist til kor stor eksporten er i kroner og øre per sysselsett. Møre og Romsdal har over år trona øvst på denne statistikken, som det fylke som eksporterer mest per sysselsett. I følge Menon Economics vart det i 2025 eksportert for 907 000 kroner per sysselsett i Møre og Romsdal. Etter Møre og Romsdal kjem Vestland med ein eksport på 725 000 kroner per sysselsett. I 2024 vart det eksportert for 753 000 kroner per sysselsett i Møre og Romsdal, og for 700 000 kroner per sysselsett i Vestland. Møre og Romsdal har med andre ord styrka sin posisjon som eit viktig eksportfylke, med høg verdiskapinga per sysselsett målt mot andre fylke. Lågast eksport per sysselsett i 2025 var det i Østfold og Innlandet, med høvesvis 268 000 kroner og 212 000 kroner. I desse eksporttala er eksport av olje og gass ikkje tatt med.
