Lita, men viktig næring for norsk økonomi
Kulturell og kreativ næring (KKN) er ein viktig del av både kulturfeltet, regional verdiskaping og samfunnsutvikling i Møre og Romsdal. Samfunnsøkonomisk Analyse konkluderer i sin rapport “Kulturens plass i samfunnsutviklinga” at kultur gir grunnlag for økonomisk verdiskaping, bidreg til stadutvikling og kan vere ein grøn sektor. Kultur er altså mykje meir enn eit fritids- eller velferdsgode, men også ein ressurs for næringsutvikling, eit viktig supplement til arbeidsmarknaden i distrikta og dermed del av regional utvikling. Møre og Romsdal fylkeskommune har tidlegare gjennomførd eigne analysar som dokumenterte positive økonomiske og samfunnsmessige ringverknader frå kulturverksemder, festivalar og spelrelatert aktivitet.
Møre og Romsdal har ein omfattande kulturell og kreativ sektor med om lag 2 500 verksemder, 2 641 kulturarbeidsplassar og ei verdiskaping på 1,3 milliardar kroner. Samstundes ligg fylket klart under landsgjennomsnittet både når det gjeld kulturarbeidsplassar og verdiskaping per innbyggjar.
Kulturell og kreativ næring er ei relativt lita, men viktig næring i norsk økonomi. I 2024 var det registrert 95 553 sysselsette i kulturell og kreativ næring i Norge, noko som svarar til 2,6 prosent av alle sysselsette. Næringa stod for 1,4 prosent av den samla verdiskapinga i norske verksemder.
I 2024 var det registrert 2 485 kulturelle og kreative verksemder i Møre og Romsdal. På landsbasis var det til saman 77 244 verksemder innan kulturell og kreativ næring. I 2025 hadde Møre og Romsdal 2 641 sysselsette i kulturyrke, fordelte slik:
- Kulturproduksjon: 444
- Media: 377
- Bibliotek, arkiv og museum: 353
- Design, arkitektur og reklame: 856
- Kulturformidling, sal og undervisning: 611
Dette svarar til 9,69 kulturarbeidsplassar per 1 000 innbyggjarar. Landsgjennomsnittet var 16,5 per 1 000 innbyggjarar. Møre og Romsdal ligg dermed betydeleg under landssnittet, og er rangert som nummer 13 av dei 15 fylka.
Utviklinga i talet på kulturarbeidsplassar i Møre og Romsdal følger i stor grad den nasjonale utviklinga, men på eit lågare nivå. I 2025 vart det etablert 337 nye verksemder innan kulturell og kreativ næring i fylket. Etableringsfrekvensen gjekk ned frå 16 prosent i 2024 til 14 prosent i 2025, i tråd med ein generell nedgang i nyetableringar.