16. Samferdsel

Energibehov og klimagassutslepp frå kollektivtransporten

Klimagassutsleppa frå kollektivtransporten går rett veg - nedover  

Eit mål i Fylkesplan for Møre og Romsdal 2025-2028 er å redusere klimagassutsleppa med 55 prosent innan 2030.

Årleg klimagassutslepp for buss, ferje og hurtigbåt i Møre og Romsdal var ca. 89 000 tonn CO₂-ekvivalentar i 2019, før elektrifisering av kollektivtransporten starta. Ein klimagassreduksjon på 55 prosent svarar til eit kutt på nesten 49 000 tonn CO₂ -ekvivalentar. Fylkeskommunen ventar eit utslepp på 40 000 tonn CO₂-ekvivalentar frå kollektivtransporten i 2030.

Samla fossilt energibehov for kollektivmidlane går ned. Hovudgrunnen til denne nedgangen er innføring av hybridferjer og elbussar. Forbruket av fossilt drivstoff (diesel) til ferje og buss går altså ned.

Straumbehovet til kollektivtransporten i fylket aukar frå 2021 til 2025 (prognose for 2026) som ei følgje av elektrifiseringa. Diesel er framleis ei viktig energikjelde for kollektivtransporten, sjølv om nedgangen i dieselforbruk er betydeleg.

Ferjene brukar mest diesel samanlikna med buss og hurtigbåt. Ferjene brukar også mest straum samanlikna med buss. Hurtigbåtane går framleis berre på diesel. Samla energibehov for kollektivtransporten går ned, ein viktig grunn er at elektrisk framdrift er mykje meir effektivt enn dieseldrift.

Klimagassutsleppet frå kollektivtransporten frå 2019 til 2025 er på veg ned. Innføring av hybridferjer med elektrisk framdrift er ei viktig årsak til nedgangen i klimagassutsleppa. Den stipla, raude linja indikerer eit utslepp på 40 000 tonn CO2-ekvivalentar, som svarar til 55 prosent klimagassreduksjon.

Forrige tema:
Neste tema: