18. Personinntekt

Personinntekt

Lønnsnivået i Møre og Romsdal er langt lågare enn i Oslo og Akershus

Inntektsnivået i Møre og Romsdal er lågare enn det som er tilfelle på det sentrale austlandet. Også Rogaland har eit betydeleg høgare lønsnivå enn i Møre og Romsdal. I Rogaland står oljenæringa sterkt, ei næring som over mange tiår har hatt store inntekter. Dei store inntektene i næringa har nok gitt eit noko høgare lønsnivå enn i mange andre næringar. I 2024 var den gjennomsnittlege bruttoinntekta for begge kjønn i Møre og Romsdal på 595 800 kroner. Til samanlikning tente dei i snitt 714 400 kroner i Oslo, 680 600 kroner i Akershus og 665 400 kroner i Rogaland. Den gjennomsnittlege bruttoinntekta var i 2024 lågast i Innlandet med 554 100 kroner, tett følgt av Østfold med ei gjennomsnittleg bruttoinntekt på 555 400 kroner.

Ser vi isolert på menn si inntekt er den høgast i Oslo med 828 400 kroner mot 699 800 kroner i Møre og Romsdal.

Brutto medianinntekta i Møre og Romsdal var i 2024 var på 517 300 kroner mot 530 700 kroner nasjonalt. Medianinntekta i Møre og Romsdal vaks med 31 900 kroner frå 2023 til 2024. Nasjonalt vaks medianinntekta med 31 700 kroner i same tidsrom.  

Stor skilnad i inntektsnivået mellom kjønna

Sjølv om gapet mellom kvinner og menns inntekt er redusert dei seinare åra, er det framleis stor forskjell i inntektsnivået mellom kjønna. I 2024 utgjorde kvinnene i Møre og Romsdal si gjennomsnittlege bruttoinntekt 69,8 prosent av mennene si inntekt. Gapet mellom kvinner og menns inntekt vart redusert med 0,5 prosentpoeng frå 2023. Nasjonalt utgjorde kvinnene si bruttoinntekt 72,3 prosent av mennene si inntekt i 2024. Av fylka er det berre i Rogaland at gapet mellom kvinner og menn si inntekt er større enn i Møre og Romsdal.  

Her i fylket er det i Fjord kommune at gapet mellom kvinner og menns inntekt er lågast, der tente kvinnene 77,9 prosent av mennene si inntekt i 2024. I motsett ende skil Herøy kommune seg framleis ut med den største forskjellen mellom kvinner og menns inntekt – her tente kvinnene 56,4 prosent av nivået til mennene i 2024.

Val av yrke og deltid er faktorar som er med å forklare forskjellane i inntekt mellom kjønna. Vi veit at 2/3-delar av dei som arbeider i offentleg sektor er kvinner og at det er fleire kvinner som jobbar deltid. Lønsnivået i offentleg sektor har tradisjonelt vore lågare enn i delar av privat sektor.

Forrige tema:
Neste tema: