Møre og Romsdal har høg politisk deltaking og høg tillit til sentrale samfunnsinstitusjonar
I Møre og Romsdal er det høg politisk deltaking samanlikna med resten av landet. Valdeltakinga er høgare enn landsgjennomsnittet, og innbyggarane tek oftare kontakt med politikarar og offentlege styresmakter. Samtidig viser statistikken at deltaking i demonstrasjonar og underskriftskampanjar er noko mindre utbreidd. Medlemskap i organisasjonar og frivillig engasjement ligg på nivå med elles i landet.
Det at Møre og Romsdal har fleire organisasjonar innan samfunnsutvikling og politikk, kan vere eit viktig bidrag i den høge politiske deltakinga i Møre og Romsdal.
Tal frå Statistisk sentralbyrå viser ei valdeltaking på 79,4 prosent i Møre og Romsdal, mot landsgjennomsnittet på 74,3 prosent. Vidare er innbyggarane også meir aktive i kontakt med politikarar og myndigheiter, der viser tala 18,9 prosent i Møre og Romsal mot landsgjennomsnittet på 13,3 prosent. Innbyggarane i Møre og Romsdal har også noko høgare deltaking i samfunnsdebatten på nett og skriving av innlegg, med 5,4 prosent mot 4,8 prosent som er landsgjennomsnittet.
Folkebiblioteka i Møre og Romsdal hadde 866 435 besøk i 2025, tilsvarande 3,18 besøk per innbyggar. Sjølv om det samla besøkstalet har auka sidan 2023, ligg fylket blant dei lågaste i landet i besøk per innbyggar. Utviklinga viser derfor både at biblioteka er mykje brukte lokale møteplassar, og at det er eit potensial for å nå fleire.
Tilgangen blir gradvis utvida gjennom meirope bibliotek. I 2025 hadde 13 av 27 kommunar meirope hovudbibliotek eller minst éi meiropen avdeling. Dette er særleg relevant i eit fylke med spreidd busetnad, fordi det gir innbyggarane tilgang til biblioteklokale, samlingar og møteplassar utover den bemanna opningstida.
Folkebiblioteka i Møre og Romsdal gjennomførte 3 720 arrangement med over 81 000 deltakingar i 2025. Kulturarrangement var den største kategorien, følgd av arrangement for skular og barnehagar og ulike opplæringstilbod. Desse tre kategoriane utgjorde til saman over 96 prosent av arrangementsverksemda. Debattarrangement utgjorde ein liten del, med 90 arrangement og om lag 2 800 deltakingar. Det svarer til 33 debattarrangement per 100 000 innbyggarar. Fylket ligg dermed på 11. plass blant fylka. Tala viser at biblioteka fungerer som arenaer for offentleg samtale, men også at omfanget av debattarrangement er lågare enn i dei fleste andre fylke. Tala viser at biblioteka først og fremst fungerer som arenaer for kulturformidling, lesing og læring, medan rolla som arena for organisert offentleg debatt er mindre omfattande.
Innbyggarane i Møre og Romsdal har generelt høg tillit til sentrale samfunnsinstitusjonar. Politiet og rettsvesenet har særleg stor tillit, medan tilliten til kommunestyret og nyheitsmedia er noko lågare. Tilliten til det politiske systemet og til andre menneske ligg nær landsgjennomsnittet. Tala viser at 78,3 prosent har høg tillit til politiet, 75,4 prosent har høg tillit til rettsvesenet og om lag halvparten (53,2 prosent) har høg tillit til det politiske systemet. Derimot, er tilliten til kommunestyret noko lågare enn i landet totalt, med 42,3 prosent mot 46,8 prosent nasjonalt.


