Reduserte kvotar gav lågare fangst
Reduserte kvotar for fleire fiskeslag i 2025 førte til lågare fangsttal. For fartøy i Møre og Romsdal gjekk fiske etter pelagisk fisk ned frå 329 839 tonn i 2024 til 271 842 tonn i 2025. Ein nedgang på -57 997 tonn eller -17,6 prosent. Den same utviklinga var det for fiske etter torsk og torskearta fisk. I 2024 var det fiska 136 014 tonn av desse fiskeslaga mot 118 594 tonn i 2025, ein nedgang på -17 420 tonn eller 12,8 prosent. Totalt for hovudartane var det ein nedgang i fiske på -78 970 tonn frå 2024 til 2025.(Fiskeridirektoratet)
Gode prisar gav auka fangstverdi
Trass i lågare fangst etter fleire viktige fiskeslag, så auka verdien av fangsten frå 2024 til 2025. Den gode fangstverdien skuldast høgare prisar på verdsmarknaden for fleire fiskeslag. Fangsten frå fartøy i Møre og Romsdal hadde ein verdi på 7,6 milliardar kroner i 2024, noko som auka til om lag 8,5 milliardar i 2025. Det er verdien av pelagisk fisk og torsk og torskeartet fisk som står for hovuddelen av verdiauken.
I 2025 var det fartøy frå Møre og Romdal som landa fisk med størst fangsverdi i Noreg. Nest etter Møre og Romsdal var det i Troms verdien av fiskefangsten var størst, med ein verdi på om lag 6,5 milliardar kroner.
Flest fiskarar i Møre og Romsdal
I Møre og Romsdal var det i 2025 registrert 2 157 fiskarar i fiskarmantalet. Av desse var det 2 057 som hadde dette som sitt hovudyrke, mens 100 hadde det som biyrke. Fiskaryrket er dominert av menn, av dei som hadde dette som hovudyrke var det 1 951 menn og 106 kvinner. Det er berre Nordland som har om lag like mange fiskarar som i Møre og Romsdal. I 2025 var det 2 072 fiskarar i Nordland, der 1 812 hadde det som hovudyrke.
Store verdiar skapt i havbruksnæringa
Produksjonen av laks og regnbogeaure (matfisk) auka mykje i Møre og Romsdal frå 2024 til 2025. I 2024 produserte havbruksnæringa i Møre og Romdal 125 765 tonn matfisk, noko som auka til 230 171 tonn i 2025. Dette gav inntekter på over 12,7 milliardar norske kroner. Produksjonen og inntektene av matfisk var i 2025 større i Troms, Nordland, Trøndelag og i Vestland enn kva som var tilfelle i Møre og Romsdal.




