4. Sysselsetting og næringsliv

Landbruk - verdiskaping

Verdiskaping og sysselsetting i landbruket 

Verdiskapinga frå jordbruket i Møre og Romsdal er berekna til 1,46 milliardar kroner i 2024. Det er 20 prosent høgare enn i 2020, justert for prisvekst. Etter ein periode med nedgang frå 2005 til 2020 har verdiskapinga auka kraftig dei siste åra og var i 2024 på det høgaste nivået sidan dei første berekningane vart gjennomførte. Samstundes er sysselsettinga redusert til 2 158 årsverk, 191 færre enn i 2020. 

Møre og Romsdal er framleis eit tydeleg mjølke- og grasfylke. Sjølv om verdiskapinga frå ammekuproduksjon har auka mest dei siste åra, er mjølkeproduksjon frå ku og geit framleis den klart viktigaste produksjonen og står for 69 prosent av verdiskapinga i jordbruket. Sauehald og kjøtproduksjon med ammekyr står for høvesvis 11 og 10 prosent. Mjølkeproduksjonen er også den største sysselsetjaren og står for 57 prosent av den samla arbeidsinnsatsen i jordbruket i fylket. 

Dei tre kommunane med høgast jordbruksverdiskaping i 2024 var Hustadvika, Surnadal og Molde med høvesvis 225, 116 og 105 millionar kroner. Volda følgde tett etter med 98 millionar kroner. Til saman stod desse fire kommunane for 37 prosent av jordbruksverdiskapinga i fylket. 

Skogbruket er også ein viktig del av den landbruksbaserte verdiskapinga i fylket. Verdiskapinga frå skogbruket var berekna til 485 millionar kroner i 2024, opp frå 333 millionar kroner i 2019. Veksten kjem i hovudsak som følge av høgare tømmerverdiar og auka verdi av skogressursane. 

Landbruksbaserte tilleggsnæringar er ei viktig inntektskjelde for mange gardsbruk. Verdiskapinga frå tilleggsnæringar vart berekna til 209 millionar kroner i 2024, ein auke på nær 8 prosent frå 2020. Leigekøyring, tenesteyting og utmarksnæringar stod for den største delen av verdiskapinga. 

Samla verdiskaping frå jordbruk, skogbruk og landbruksbaserte tilleggsnæringar var 2,14 milliardar kroner i 2024. Dette utgjer 1,3 prosent av den samla verdiskapinga i Møre og Romsdal. 

Forrige tema:
Neste tema: