8. Kultur

Frivilligundersøkinga

Frivillig sektor kartlagt

Kartlegging av frivillig sektor i fylket ble gjennomført av Telemarksforsking i 2024 og rapporten kom i 2025. https://telemarksforsking.no/kartlegging-av-frivillig-sektor-more-og-romsdal

Funna er analysert og summert opp i ein felles rapport for heile fylket samt for kvar kommune. Frivillige lag og organisasjonar svarte på undersøkinga, og alle kommunane blei intervjua. Nokon av resultata blei presentert i Fylkesstatistikken for 2024 og 2025.

Berre tre kommunar har ein strategi for frivilligheita

Berre tre kommunar i Møre og Romsdal har ein eigen strategi for frivilligheit, medan åtte er i gang med å utarbeide ein. Samstundes oppgir åtte kommunar at frivilligheit er omtalt i andre plandokument, ofte med relativt generelle formuleringar. Nokre har vist til at frivilligheita er nemnt i kommuneplanens samfunnsdel, men at det gjerne er nokre vage formuleringar knytt til dette.  

Ein gjennomtenkt strategi kan bidra til at kommunane betre støttar og legg til rette for frivillig arbeid, som er viktig for både trivsel og førebygging av behov for offentlege tenester.

Organisering av frivilligheita i kommunane

Kommunane peikar oftast på kultursjefen som den som samarbeider tettast med frivilligheita, men mange svarar også «andre». Desse er åtte frivilligsentralar eller dagleg leiar der. Andre som blir nemnde, er kulturkonsulent, kulturrådgjevar, frivilligkoordinator og biblioteksjef. Dette tyder på at både kulturavdelinga og frivilligsentralane har ei sentral rolle i samarbeidet med frivilligheita.

Når det gjeld ansvaret for å koordinere kommunen sitt arbeid mot frivilligheita, ligg dette oftast hos frivilligsentralen eller kulturavdelinga. Nokre kommunar har også lagt ansvaret til andre stillingar eller fordelt det mellom fleire. Samla sett ser det ut til at om lag like mange kommunar har lagt hovudansvaret til kulturavdelinga som til frivilligsentralen. I mange kommunar er frivilligsentralen organisert under kultur, men nokre stader ligg han til døme under oppvekst eller helse.

Kommunane sin politikk for bygg og anlegg

Ein viktig del av ein kommune sitt arbeid for å legge til rette for aktivitet i lag og frivillige foreiningar er å ha bygg og anlegg tilgjengeleg for møte og aktivitetar. 20 av 26 kommunar svara at dei har bygg/og eller anlegg som frivilligheita kan låne gratis, 16 av 26 har bygg/og eller anlegg som dei kan leige.

Kommunane har ofte både gratis utlån og utleige av lokale. Barn og unge, lag og foreiningar kan vanlegvis låne lokale gratis til møte og aktivitetar. Ved inntektsbringande arrangement må dei som regel betale leige.

Organisasjonanes bruk og behov for bygg og anlegg

89 prosent av dei frivillige organisasjonane nytta bygg eller anlegg i verksemda si. 11 prosent sa at dei ikkje gjorde det.  

Dei nytta ulike type bygg og anlegg, og det var mogleg med fleire svar. Den mest brukte bygningstypen er forsamlingslokale eller grendehus, etterfølgt av kategorien «andre bygg». Mange av dei som valde denne kategorien, opplyste at dei eig eller leiger eigne lokale, utan å spesifisere kva type lokale det er snakk om. Fleire nyttar også kontor eller møterom i ulike kontorbygg, det vil seie private lokale av ulik karakter. Mangel på lagringsplass er det som flest organisasjonar opplever som ei utfordring med lokale og anlegg. Høge driftskostnadar, dårleg vedlikehald og låg kapasitet er også utfordringar mange opplever. Færrast opplever utfordringar med uføreseielege leigeavtalar.

Forrige tema:
Neste tema: