Lågare innvandring i 2025
Innvandringa gjekk ytterlegare ned i 2025. I 2025 var nettoinnvandringa på 1 459 personar mot 2 005 personar i 2024. Dette er ein betydeleg nedgang i forhold til nettoinnvandringa i 2022 og 2023 som var høvesvis på 2 863 og 2 638 personar. Hovudårsaka til denne nedgangen er at flyktningstraumen frå Ukraina har avtatt. Invasjonen av Ukraina i byrjinga av 2022 førte til at mange flykta ut av landet. Noreg har i åra etter invasjonen tatt i mot mange flyktningar frå Ukraina, som er her på midlertidig opphald.
Kommunane i fylket har dei siste åra gjort ein formidabel jobb med å busette mange flyktningar. Kommunane har som følge av dette måtta tilpassa seg med å auke kapasiteten innanfor viktige kommunale tenesteområde. Lågare innvandring vil nok gi fleire kommunar behov for å justere mottaksapparatet i tråd med nedgangen i innvandringa.
Eit større mangfald
Innvandringa dei siste tiåra har gitt eit større mangfald i fylket. Ved inngangen til 2026 var innvandrarbefolkninga (innvandrarar og barn av innvandrarar) på 45 679 personar i Møre og Romsdal. Dette er ein auke frå 44 511 personar i 2025. Innvandrarbefolkninga utgjer no 16,7 prosent av befolkninga i fylket. I 2025 hadde Møre og Romsdal innvandrarar frå 160 ulike land. Ser vi heile landet under eitt utgjer innvandrarbefolkninga 21,8 prosent av befolkninga. Høgast andel innvandrarar i fylket er det i Stranda med 25,1 prosent, tett følgt av Hareid med 24,8 prosent.
Ukrainarar er no den største innvandrargruppa i fylket med 6 862 (Innvandrarar og barn av innvandrarar) personar i 2026. Det er 6 830 polakkar i Møre og Romsdal, lenge var dei den største innvandrargruppa. Det kom mange polakkar og litauarar til fylket etter at arbeidsmarknaden i Europa opna seg for desse landa, då dei vart medlem av EU i 2004. Talet innvandrarar frå Polen og Litauen har stabilisert seg. Inkluderer vi barn av innvandrar, er det framleis auke i personar med bakgrunn frå desse landa i Møre og Romsdal.
Eit større mangfald gjer arbeidet med inkludering endå viktigare. Dette gjeld på ei rekke samfunnsområde både i organisasjonslivet og ikkje minst i arbeidslivet. Det å føle seg som ein aktiv del av lokalmiljøet og ikkje minst ha ein jobb å gå til kan vere avgjerande for kor den enkelte innvandrar ønsker å busette seg.
