Nedgang i nettoflyttinga
Nettoflyttinga er samla innflytting frå andre fylke og frå utlandet minus samla utflytting til andre fylke og til utlandet. I 2025 gjekk nettoflyttinga ned samanlikna med 2024. Redusert innvandring og eit større innanlandsk flytteunderskot er årsaka til det. I 2025 var nettoflyttinga i fylket på 584 personar mot 1 673 personar i 2024.
10 kommunar med negativ nettoflytting
I 2025 var det 10 av kommunane i fylket som hadde negativ nettoflytting. Det vil seie at det flytta fleire ut av kommunane enn som flytta inn. Størst underskot i nettoflyttinga var det i Volda med -144 personar. Størst netto flytteoverskot var det i kommunane Ålesund, Hareid og Vestnes, med eit overskot på 312 i Ålesund og 98 personar i overskot i Hareid og Vestnes. Kristiansund hadde eit negativt netto flytteunderskot på -67 personar, mens det i Molde var det eit overskot på 97 personar i nettoflyttinga.
Den innanlandske flytting har dei seinare åra vore sterkt påverka av den høge innvandringa. Flytting mellom asylmottak og busettingskommune har vore ein viktig årsak til dette. Størst variasjon i flyttetala, gjennom året, er det sjølvsagt for kommunar med asylmottak. I 2026 er det, i følge UDI, mottak i kommunane Rauma, Herøy, Sunndal, Ulsteinvik, Tingvoll og Hareid (UDI).
Oslo med størst flytteunderskot innanlands
Det innanlandske flytteunderskotet for fylket var i 2024 på -332 personar, dette auka til -875 personar i 2025. Vi må tilbake til 2019 for å finne eit større innanlandsk flytteunderskot, då var det innanlandske flytteunderskotet på -972 personar. Det var Oslo som hadde det største flytteunderskotet med -3 444 personar. Det var flytteunderskot i 9 av fylka i 2025. Størst overskot i flyttinga innanlands var det i Akershus med 5 122 personar.
Av det innanlandske flytteunderskotet i fylket på -875 personar i 2025, var -605 personar innvandrarar eller barn av innvandrarar. Med andre ord flytta -605 fleire av innvandrarbefolkninga ut av fylket enn som flytta inn.
Ungdomar og unge vaksne flyttar ut
Det er i aldersgruppene 16-19 år og 20-29 år at flest flyttar ut av fylket. I desse aldersgruppene var det eit negativt innanlandsk flytteunderskot på høvesvis -195 og -774 personar i 2025. Dette er ein oppgang frå 2024 då flytteunderskotet var på -80 personar og -620 personar i desse aldersgruppene. I 2025 er det òg innanlandsk flytteunderskot i aldersgruppa 50-59 år, med -50 personar. Ein må tilbake til 2021 for å finne negative flyttetal for denne aldersgruppa.


