Stadig fleire pendlar
I følge Statistisk sentralbyrå sin definisjon er ein pendlar ein sysselsett som har arbeidsstaden sin i ein annan kommune enn hen har bustadadresse. Talet pendlarar blir altså berekna ut i frå bustad i folkeregisteret, mens arbeidsstaden er registrert i ein annan kommune. Det er ikkje mogleg ved hjelp av koplinga bustadadresse og arbeidsadresse å seie noko om frekvensen i pendlinga. Den sysselsette kan til dømes ha heimekontor deler av veka og pendlar som følge av dette ikkje over kommunegrensa dagleg. Det kan vere ei feilkjelde at enkelte bedrifter har registrert sine arbeidstakarar ved eit hovudkontor, men i praksis har fleire andre lokasjonar der tilsette har sin arbeidsstad.
41 256 personar i Møre og Romsdal pendla ut av sin bustadkommune for arbeid i 2025. Det er ei auke på knapt to prosent samanlikna med året før. Tal pendlarar har dei siste åra auka raskare enn folketalsveksten, som kan indikere at bu- og arbeidsmarknadane i fylket er i ferd med å bli større og meir integrerte. Samstundes har Møre og Romsdal som heilheit framleis eit pendlarunderskot. Det betyr at det er fleire sysselsette som pendlar ut av fylket (11 087) enn inn (6 559). Om lag 8 prosent av dei sysselsette som bur i Møre og Romsdal pendlar ut av regionen. Dei største utpendlingsstraumane går til dei store byane samt Kontinentalsokkelen.
Sju av 27 kommunar i fylket har pendlingsoverskot – det vil si at fleire pendlar inn til kommunen enn ut. Ålesund og Molde har dei største pendlingsoverskota, med høvesvis 3 218 og 2 902 personar i netto innpendling. Hustadvika, Sula og Giske har dei største pendlingsunderskotta, med høvesvis 2 265, 1 808 og 1 713 personar i netto utpendling.
Fleire kommunar tett på dei største byane Ålesund, Molde og Kristiansund har stor grad av utpendling til desse. Det er også betydeleg pendling mellom byane, og frå dei fleste kommunar til større byar elles i landet som Oslo, Bergen og Trondheim.
Relativt til storleik i befolkning og arbeidsmarknad, er Sula, Hareid og Gjemnes dei største utpendlingskommunane i fylket, kor høvesvis 59, 55 og 54 prosent av dei sysselsette som er busett i kommunen jobbar i en annan kommune. Sunndal har den klart lågaste utpendlingsgraden, med berre 13 prosent. Motsett veg er det Ulstein som relativt sett tiltrekk seg flest innpendlarar i fylket, der heile 48 prosent av dei sysselsette er innpendlarar. Smøla har lågast innpendling, med 13 prosent.

