Innovasjon Norge bidreg med betydeleg støtte til næringslivet
Innovasjon Norge tildeler kvart år store pengesummar til næringslivet i form av tilskot, lån og garantiar. I 2025 vart det nasjonalt tildelt 4,4 milliardar i tilskot, 4,2 milliardar i lån og 800 millionar i garantiar. Samla gir dette ei tildeling i 2025 på 9,4 milliardar kroner. Dette er viktige bidrag for mange oppstartsbedrifter og gründerar. Både for oppstartsbedrifter og bedrifter som driv med produktutvikling kan det å få på plass kapital vere ei utfordring. I den samanhengen er Innovasjon Norge sine bidrag viktige.
Verksemder i Møre og Romsdal fekk i 2025 tildelt 327,3 millionar i tilskot, 112,9 millionar i garantiar og 884,8 millionar i lån.
Størst tildelingar til primærnæringane
Det var verksemder i fylket innanfor jordbruk, skogbruk og fiske som i 2025 fekk størst tildelingar frå Innovasjon Norge. I 2025 fekk primærnæringane tildelt 681 millionar kroner. Næringane fagleg, vitskapleg og tekniske tenester, og Industri, fekk tildelt høvesvis 155 millionar kroner og 107 millionar kroner.
Auke i kostnadar til eigenutført forskings- og utviklingsarbeid
Verksemder i Møre og Romsdal auka kostnadane til eigenutført forskings- og utviklingsarbeid (FoU) frå 1 498 millionar i 2023 til 1 682 millionar i 2024, ein auke på 184 millionar kroner eller 12,2 prosent. Samstundes vart kostnadane til innkjøpt FoU redusert frå 172 millionar i 2023 til 168 millionar i 2024. Dette er kanskje ein naturleg følge av at verksemdene har hatt ein stor auke i det interne FoU-arbeidet. Etter ein nedgang frå 2022 til 2023, auka talet på FoU-personale i 2024. I 2023 var det 1 803 personar som hadde oppgåver knytt til Fou-arbeid, mot 1 868 i 2024. Det var ein nedgang i årsverk knytt til FoU-arbeid i 2024, frå 969 årsverk i 2023 til 955 årsverk i 2024. Delen av bedrifter i fylket som utfører forsking- og utviklingsarbeid var på 23 prosent i 2023 mot 21 prosent i 2024.