Redusert befolkningsvekst
I 2025 var det svakare vekst i folketalet i Møre og Romsdal enn det som har vore tilfelle dei siste åra. Ved inngangen til 2026 var det 273 169 innbyggarar i fylket, ein vekst på 756 innbyggarar eller 0,3 prosent frå 2025. Folketalet i Møre og Romsdal vaks til samanlikning med 1 789 personar frå 2024 til 2025. Nasjonalt vaks folketalet med 33 060 personar, ein vekst på 0,6 prosent. 1. januar 2026 var det 5 627 400 innbyggarar i Noreg.
God vekst i folketalet i Ålesund
Folketalet i Ålesund vaks med 465 personar i 2025, ein vekst på 0,8 prosent. Ved årsskiftet var det 59 663 innbyggarar i Ålesund kommune. Størst prosentvis vekst i folketalet var det i Hareid, Fjord og Gjemnes med ein vekst på høvesvis 1,7 prosent, 1,6 prosent og 1,2 prosent. I 10 av kommunane i fylket gjekk folketalet ned i løpet av 2025.
Kvinneunderskot
Ved inngangen til 2026 bur det -4 685 færre kvinner enn menn i fylket. Ser vi tilbake 40 år, til 1986, var situasjonen ein annan. I 1986 var det 224 fleire kvinner i fylket enn det var menn. Utover 1990-talet vaks talet menn meir enn talet kvinner. Forskjellen mellom kjønna blir først markant etter 2004. I 2004 vart EU utvida og fleire land i Aust-Europa fekk tilgang til arbeidsmarknaden i EU og EØS. Høg arbeidsinnvandring av menn til industrien og byggenæringa er nok hovudårsaka til denne utviklinga. Samstundes veit vi at det er langt fleire kvinner som tek høgare utdanning og reiser ut av fylket i samband med det.
Størst underskot av kvinner er det i aldersgruppa 20-29 år, mens kvinnene er i overtal i aldersgruppene over 70 år. Kvinner lever lenger enn menn og overskotet av kvinner er særleg stort i aldersgruppene over 80 år.



