9. Utdanning og kompetanse

Høgare utdanning

Auke i talet studentar

I 2024 var det 9 971 studentar på høgskolane i fylket, noko som auka til 10 010 i 2025, ein auke på 39 studentar eller 0,4 prosent. Dette er ein svak auke, men vi må likevel tilbake til 2021 for å finne eit høgare tal studentar ved skolane i fylket. Av dei 10 010 studentane var 6 020 av studentane kvinner, som gir ein kvinnedel på 60,1 prosent. Delen kvinner var i 2024 på 60,5 prosent ved fylkets høgskolar.

Flest studentar i Volda

Det er høgskulen i Volda som over tid har hatt flest studentar av høgskulane i fylket. I 2025 var det 3 790 studentar ved skolen, ein nedgang frå 3 967 studentar i 2024. Høgskolen i Volda har dei seinare åra hatt ein nedgang i talet studentar. Til dømes var det 4 415 studentar ved skolen i 2020. Både i 2024 og i 2025 var 68,5 prosent av studentane kvinner.

Etter lågare tal studentar i 2023 og 2024 har NTNU igjen ein oppgang i talet på studentar i 2025. Det var då 2 500 studentar ved skolen. Kva for studietilbod den enkelte skole tilbyr ser ut til å ha betydning for kjønnssamansettinga blant studentane. Ved NTNU Ålesund er tilboda innanfor tekniske fag og maritime fag store. Skolen har lågare del kvinner enn dei andre skolane i fylket, men likevel var kvinnene også her i overvekt, då 51,4 prosent av studentane var kvinner i 2025.

Høgskoletilbodet ved Campus Kristiansund hadde ein liten vekst i talet studentar frå 2024 til 2025. I 2024 var det 672 studentar mot 685 i 2025, ein oppgang på 13 studentar eller 1,9 prosent. Tilbake i 2019 var det 308 studentar ved skolen. Skolen har med andre ord hatt ein fin vekst i talet på studentar dei seinare åra.

I 2025 var det 3 035 studentar ved Høgskolen i Molde, ein oppgang frå 2 970 studentar i 2024.  Dei seinare åra er det berre i 2023 at skolen har hatt fleire studentar. Dette året var det 3 136 studentar. Skolen har hatt ein fin vekst i talet på studentar, til dømes var det 2 139 studentar ved skolen i 2019.

Innlandet har færrast personar med høgare utdanning

Det er i Innlandet at delen personar over 16 år med høgare utdanning er lågast. I 2025 hadde 30,2 prosent av alle over 16 år høgare utdanning i Innlandet. Til samanlikning har 56,4 prosent og 41,7 prosent høgare utdanning i Oslo og Akershus. I Møre og Romsdal hadde 32,4 prosent av befolkninga over 16 år høgare utdanning. Samansettinga av arbeidsmarknaden er ein av faktorane som nok er med å påverke utdanningsnivået. Til dømes vil fylke med mykje industri ha bruk for mange fagarbeidarar, og Møre og Romsdal er døme på eit slikt fylke.

Forrige tema:
Neste tema: