4. Sysselsetting og næringsliv

Varehandel

Auke i detaljhandelen  

Omsetninga i detaljhandelen (unnateken sal av motorvogner) i fylket auka frå 29 458 millionar i 2024 til 30 726 millionar i 2025, ein auke på 1 268 millionar eller 4,3 prosent. Nasjonalt vaks detaljhandelen frå 649 774 millionar i 2024 til 683 498 millionar i 2025, ein auke på 5,2 prosent. Det var med andre ord ein sterkare vekst i detaljhandelen nasjonalt enn i Møre og Romsdal.  

Konsumprisindeksen vaks med 3,1 prosent i 2025 (SSB). Indeksen viser prisutviklinga på varer og tenester som private hushaldningar etterspør. Veksten i prisane vil variere mellom ulike varegrupper og sterk prisauke kan endre etterspurnaden etter varegrupper. Kor viktig og naudsynt vara er for hushaldningane vil vere avgjerande for etterspurnaden.

Auka omsetning i bilbransjen

Etter to år med nedgang i handelen og reperasjon av motorvogner tok omsetninga seg opp igjen i 2025. Bil og andre køyretøy er kapitalvarer og salet av slike varer er meir følsame for endringar i økonomien. Om det var rentenedsettingane i 2025 som gav auka optimisme og auke i omsetninga i bilbransjen er vanskeleg å seie. Det må leggast til at i tillegg til rentenedsettingane fekk mange ei reallønsauke i 2025 som følge av eit godt lønsoppgjer. Renteauke i 2026 vil kunne påverke omsetninga i bilbransjen negativt framover.

I 2025 var det ein omsetning av motorvogner og reperasjon av motorvogner på 15 269 millionar kroner i Møre og Romdal. Dette er ein oppgang på 2 966 millionar kroner frå 2024, ein auke i prosent på 24,1. Nasjonalt auka omsetninga med 66 254 millionar eller 18,0 prosent. Frå 2024 til 2025 var det med andre ord sterkare vekst i bilbransjen i Møre og Romsdal enn det var nasjonalt.

Forrige tema:
Neste tema:

Omsetninga i detajhandelen (unnteken sal av motorvogner) 2015-2025 (i mill. kr) - Møre og Romsdal

Klikk på bildet for å se forhåndsvisning
Filstørrelse:
93 kB