4. Sysselsetting og næringsliv

Sysselsette etter utdanningsnivå

Lågt utdanningsnivå i fleire næringar

Sjølv om utdanningsnivået i samfunnet har blitt høgare dei siste tiåra, er det framleis fleire næringar som har lågt utdanningsnivå. I fleire næringar er det ein stor del av dei sysselsette som ikkje har utdanning ut over grunnskolenivå. Det er særleg mange som har utdanning på grunnskolenivå i næringa Overnatting- og serveringsverksemd. I denne næringa hadde 46,3 prosent av dei sysselsette slik utdanning i 4. kvartal 2025. Varehandel og reperasjon av motorvogner er eit anna døme på ei næring med høg andel med grunnskole som høgste utdanning, i 4. kvartal 2025 hadde 33,1 prosent av dei sysselsette utdanning på grunnskolenivå. Næringane Jordbruk, skogbruk og fiske, Transport og lagring, Forretningsmessig tenesteyting og Personleg tenesteyting er alle næringar der over 20 prosent av dei sysselsette har grunnskole som høgste avslutta utdanning.  

Næringane Undervisning og Teknisk tenesteyting, eigedomsdrift er dei næringane der flest av dei sysselsette har lang høgare utdanning, med høvesvis 25,7 prosent og 24,5 prosent av dei sysselsette. I mange næringar i fylket står fagarbeidaren sterkt, der ein hovuddel av dei tilsette har utdanning og fagbrev frå vidaregåande opplæring. I næringa Bygge- og anleggsverksemd har til dømes 66,1 prosent av dei sysselsette utdanning frå vidaregåande skole.

Låg andel av dei sysselsette har lang høgare utdanning  

I Møre og Romsdal har relativt få sysselsette lang høgare utdanning (over 4 år). I 4. kvartal 2025 var det 9,7 prosent av dei sysselsette som hadde slik utdanning. Til samanlikning hadde 25,9 prosent av dei sysselsette i Oslo lang høgare utdanning, mens i Akershus var andelen 15,5 prosent.

Av fylka er det berre i Innlandet og i Østfold at andelen med lang høgare utdanning er lågare enn i Møre og Romsdal, med høvesvis 9,6 prosent og 9,5 prosent av dei sysselsette. Ser vi landet under eitt er det 15,2 prosent av dei sysselsette som har lang høgare utdanning. Av kommunane i fylket er det i Volda at andelen sysselsette med lang høgare utdanning er størst, med 14,5 prosent.  

Forrige tema:
Neste tema: