1. Demografi

Framskrivingar

Svake prognosar for folkeveksten i fylket

SSB utarbeider annakvart år nye befolkningsframskrivingar, sist i juni 2026. Framskrivingane er viktige i den langsiktige planlegginga på alle forvaltningsnivå og er viktige reiskap for å dimensjonere vare- og tenesteproduksjonen og arealbruken. Dei bygger på demografiske føresetnader som fruktbarheit, dødelegheit, innanlandsflytting og prognosar for nettoinnvandringa framover.  

Dei nye framskrivingane til SSB har særs låge prognosar for folkeveksten i Møre og Romsdal. I følge framskrivingane til SSB vil folketalet i Møre og Romsdal vekse med 1,7 prosent fram mot 2040. Det er berre Nordland som har svakare prognosar, der meiner SSB at folketalet vil falle med -1,5 prosent. Høgast vekst i folketalet meiner SSB det skal bli i Akershus og Oslo, med ein vekst i perioden 2026-2040 på 12,9 prosent og 11,4 prosent. Folketalet i Møre og Romsdal vil ifølge dei nye framskrivingane vere på 277 905 personar i 2040, ein vekst på 4 736 personar frå dagens nivå.  

I dag utgjer Møre og Romsdal 4,9 prosent av innbyggarane i landet, prognosen for 2040 reduserer dette til 4,6 prosent.

Drastisk auke i tal eldre over 80 år  

Ifølge SSB sine nye framskrivingar aukar talet på eldre mykje fram mot 2040. Ved inngangen til 2026 var det 15 811 innbyggarar i Møre og Romdal som var over 80 år. Dette aukar til 25 804 eldre over 80 år i 2040, ein vekst på 63,2 prosent. Til samanlikning veks talet på eldre over 80 år nasjonalt frå 284 939 i 2026 til 462 112 i 2040. I prosent er veksten nasjonalt på 62,2 prosent, med andre ord i tråd med veksten i eldre i Møre og Romsdal.  

Det er viktig å merke seg at mykje av veksten i eldre over 80 år kjem allereie dei næraste åra fram mot 2035. I Møre og Romdal er det 22 802 personar over 80 år i 2035. Så med tanke på tiltak og tilpassing av tenestetilbodet til denne gruppa, er det ikkje så mange år å gjere det på.

Færre barn og unge

Samstundes som talet på eldre aukar går talet på barn og unge i alderen 0-19 år ned. I 2026 er det 60 767 personar i fylket som er i denne alderen. Dette vil, ifølge prognosane til SSB, gå ned til 55 752 personar i 2040. Dette representerer ein nedgang på -5 015 personar eller -8,3 prosent i denne perioden. Nasjonalt blir det i same periode ein nedgang på -2,7 prosent i alderen 0-19 år. Det er verdt å merke seg at SSB sine prognosar for fylket viser ein svak oppgang av barn i alderen 0-5 år. I 2026 er det 15 270 barn i aldersgruppa 0-5 år, dette meiner SSB skal stige til 16 107 i 2040.  

Forrige tema:
Neste tema: