4. Sysselsetting og næringsliv

Utvikling i kommunane

15 kommunar med nedgang i sysselsetting

Utviklinga i sysselsettinga varierer kommunane imellom. Samansettinga av den lokale arbeidsmarknaden er avgjerande for sysselsettinga og er i mange tilfelle årsaka til variasjonen i sysselsettinga i ulike delar av fylket. Ein einsidig arbeidsmarknad med liten variasjon i næringar, kan vere med å forsterk variasjonane. Sysselsettinga blir då særs påverka av konjunkturendringar i enkelt næringar. Fleire kommunar i fylket har hjørnesteinsbedrifter eller næringar som er veldig avgjerande for sysselsettinga lokalt.  

Frå 4. kvartal 2024 til 4. kvartal 2025 auka sysselsetting i Møre og Romsdal med 0,1 prosent, mens det nasjonalt i same periode var ein vekst i sysselsettinga på 0,3 prosent. I denne perioden var det nedgang i sysselsettinga i 15 av kommunane i fylket. Størst relativ nedgang i sysselsettinga var det i Tingvoll, med ein nedgang på -4,6 prosent. Dette gir ein nedgang i talet på sysselsette frå 4. kvartal 2024 til 4. kvartal 2025 på 49 sysselsette. Etter Tingvoll er det i Volda nedgangen i sysselsetting er størst med ein nedgang på -3,2 prosent.  

Det er også ulik utvikling for dei tre største byane i fylket. Kristiansund har hatt nedgang i sysselsetting frå 4. kvartal 2024 til 4. kvartal 2025. Sysselsettinga gjekk ned med -1,6 prosent, mens det var oppgang på 0,1 prosent i Molde og 1,0 prosent i Ålesund. Høgast vekst i sysselsettinga frå 4. kvartal 2024 til 4. kvartal 2025 var det i Herøy med 4,2 prosent. Nest etter Herøy er det i Sande at den prosentvise veksten i sysselsettinga er størst, med ein vekst på 3,4 prosent.  

I perioden frå 4. kvartal 2022 til 4. kvartal 2025 var veksten i sysselsettinga størst i Aukra med 10,0 prosent, sjølv om det var ein nedgang frå 4. kvartal 2024 til 4. kvartal 2025 på –0,3 prosent. Størst nedgang i sysselsetting i perioden 4. kvartal 2022 til 4. kvartal 2025 var det i Sykkylven og Stranda med -5,2 prosent. Då ser vi vekk frå nedgangen i Ålesund som er påverka av at Haram gjekk ut av Ålesund kommune.  

Forrige tema:
Neste tema: