8. Kultur

Sikring av kulturmiljø i kommuneplan

Kommunane er blitt betre på å sikre nasjonalt og regionalt verdifulle kulturmiljø i kommuneplanens arealdel

I Regional delplan for kulturminne og kulturmiljø av nasjonal og regional verdi blei det i 2016 etablert ei liste på 1 231 kulturminne og kulturmiljø i fylket. Etter at Halsa og Rindal gjekk til Trøndelag i 2020 blei den samla lista redusert til 1205. 532 av desse blei vurdert til å ha nasjonal verdi, medan 673 hadde regional verdi. Desse var i utgangspunktet godt fordelt på dei ulike kommunane, men etter samanslåingane under kommunereforma har Molde og Ålesund flest objekt med 133 og 114 listeføringar. I motsett ende har både Sula og Hareid berre 20 objekt på lista.  

Eitt av måla i planen var at desse areala skulle verte sikra gjennom kommunane sine eigne planverk, ved bruk av omsynssonar (H570) etter plan- og bygningslova. Sikring i kommuneplanen sin arealdel gir ikkje like strengt vern som gjennom ein reguleringsplan, men sikrar likevel at det vert tatt omsyn til kulturmiljøverdiane i vidare planlegging.

Pr. 1.9.2026 er over halvparten av objekta kulturmiljø heilt eller delvis sikra på denne måten. Flest kulturmiljø er sikra verdsarvkommunen Stranda, etterfølgd av dei større bykommunane Ålesund, Molde og Kristiansund. Når det gjeld prosentandelen i høve til det totale talet på objekt i lista ligg Giske høgst, etterfølgd av Vestnes, Gjemnes og Aure (figur 3).  

Det er likevel fleire faktorar som spelar inn på denne fordelinga. For det første har kommunane løyst dette på ulike vis. Enkelte stader har ein nærmast eit 1:1-forhold mellom omsynssonar og listeførte objekt, medan andre har valt å prioritere nokre større soner med fleire objekt. Dette kan også samanfalle med andre verneinteresser, som t.d. natur, landskap eller friluftsliv, noko som inneber ulik utforming av planane og at ein treng ein viss grad av skjøn i utrekninga. Det kan dessutan vere andre måtar å sikre kulturmiljøa på, til dømes gjennom generelle føresegner, og i mange tilfelle har ein også vidareført gjeldande regulering.  

Endeleg er det også viktig å sjå kommunane sin bruk av omsynssonar i eit tidsperspektiv, noko som viser ein tydeleg auke i talet på sikra objekt – med ein topp i trendlinja i perioden 2016-2020, like etter at den regionale planen blei vedteken (figur 4).

Forrige tema:
Neste tema: