9. Utdanning og kompetanse

Grunnskole

10 færre grunnskolar

Talet på kommunale grunnskolar går framleis ned. Sidan 2021 har talet på kommunale grunnskular gått ned med 10 skolar. Samstundes har talet på private grunnskolar helde seg stabilt på 21 dei siste åra. I 2025 var det 151 kommunale og 21 private grunnskolar i Møre og Romsdal. Skulenedleggingar er ikkje eit nytt fenomen, det er lagt ned nær 100 kommunale grunnskolar sidan 2002. I 2002 var det 250 kommunale grunnskolar i fylket. I same periode har talet på private grunnskolar stige frå 2 i 2002 til 21 i 2025. Ser vi talet private og kommunale grunnskolar under eitt, har det i perioden 2002 til 2025 blitt 80 færre grunnskolar i fylket. Redusert elevtal i mange kommunar har gitt behov for endringar i skolestrukturen.

Nedgang i talet på elevar  

Frå 2020 til 2025 var det ein nedgang i talet på elevar på 1.-7. trinn. Desse trinna hadde ein nedgang på - 1007 elevar. Nedgangen frå 2024-2025 var på -384 elevar. I heile 19 kommunar var det nedgang i elevtalet i barneskolen. Den store nedgangen i Ålesund kommune skuldast i hovudsak at Haram kommune gjekk ut av Ålesund kommune. Elevtalet i 8.-10. trinn steig med 106 frå 2020-2025. Ser vi isolert på endringa frå 2024 til 2025 sokk elevtalet i ungdomsskulen med -215 elevar. Nokre kommunar har dei siste åra oppretthaldt elevtalet som følge av innvandring. Vestnes kommune er eit døme på ein kommunes som, trass i låge fødselstal, har hatt ei auke i elevtalet både i barne- og ungdomsskolen sidan 2020.  

Høg del elevar med spesialundervisning i mange kommunar

I 2025 fekk 9,1 prosent av elevane i grunnskolen i Møre og Romsdal tildelt spesialundervisning. Dette er langt høgare en det nasjonale snittet på 7,6 prosent. Retten til spesialundervisning er heimla i § 5.1. i opplæringslova. Elevar som ikkje har utbyte av den ordinære undervisninga har rett på spesialundervisning. Med bakgrunn i ei sakkunnig utale frå Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), skal det for desse elevane fattast vedtak om spesialundervisning. Det er variasjon kommunane imellom i forhold til kor stor del av elevane som får tildelt spesialundervisning. Lågast del av elevane som får slik undervisning er i Surnadal med 5,6 prosent, mens det til samanlikning er 17 prosent av elevane i Vanylven. Det er berre i 4 kommunar i fylket at delen elevar med spesialundervisning er lågare enn det nasjonale snittet.

Forrige tema:
Neste tema: