18. Personinntekt

Aksjar og utbytte

Talet aksjeeigarar i fylket er på nivå med landet

Per 31.12.2025 eigde 16,7 prosent av befolkninga i Møre og Romsdal aksjar, det er på nivå med snittet for landet som var 16,9 prosent. Høgst andel aksjeeigarar var det i Oslo med 19,8 prosent, mens det i Østfold var lågast med 13,6 prosent. For Møre og Romsdal sin del vil det seie at 45 539 personar eigde aksjar ved utløpet av 2025.  

Det er flest menn som eig aksjar, i 2025 var det i Møre og Romsdal 22,8 prosent av alle menn som eigde aksjar. Nasjonalt eigde 22,7 prosent av alle menn aksjar. Av kvinnene var det i Møre og Romsdal 10,3 prosent som eigde aksjar mot 11,0 prosent nasjonalt.

Mange mottar utbytte

I 2025 fekk 29 235 personar i fylket utbetalt utbytte. Desse fekk til saman utbetalt 3 830 millionar kroner i utbytte, dette er ein oppgang frå 3 730 millionar kroner i 2024. Det var rekordhøgt utbytte i 2021, varsla endringar i utbytteskatten var årsaka til dette. I Møre og Romsdal vart det då tatt ut 5 271 millionar kroner i utbytte.

Det er størst andel menn som mottek utbytte. I 2025 fekk 14,7 prosent av alle menn i fylket utbetalt utbytte, ein oppgang frå 13,5 prosent i 2024. Av kvinnene var det 6,5 prosent av dei som fekk utbetalt utbytte i 2025 mot 6,1 prosent i 2024. I Møre og Romsdal aukar med andre ord andelen menn som mottek utbytte meir enn andelen kvinner frå 2024 til 2025.

Liten andel kvinnelege styremedlemmar i aksjeselskap

Det har vore ei målsetting over tid å få ein jamnare balanse mellom kjønna i bedriftsstyra. Endringar i aksjelova krev no minst 40 prosent representasjon av kvart kjønn. Desse reglane blir fasa inn fram mot medio juni 2028.

Frå 2025 til 2026 vaks talet kvinnelege styremedlemmar i fylket frå 7 735 i 2025 til 8 027 i 2026, ein auke på 3,8 prosent. Andelen kvinnelege styremedlemmar var i 2026 på 21,7 prosent i Møre og Romsdal. Med andre ord er det framleis eit stykke fram til målsettinga på 40 prosent representasjon for kvart av kjønna. Størst andel kvinnelege styremedlemmar var det i Troms, med en andel på 24,0 prosent.

Det var òg ein svak vekst av kvinnelege dagleg leiarar frå 2025 til 2026. I 2025 var 2 206 kvinner dagleg leiarar i aksjeselskap i Møre og Romdal, dette auka til 2 283 i 2026. I 2026 hadde 16,9 prosent av alle aksjeselskap i fylket kvinneleg dagleg leiar, i Oslo var andelen høgst med 20,9 prosent.

Forrige tema:
Neste tema: