Unikt innblikk i arbeidsmarknaden i fylket
NAV gjennomfører årleg ei bedriftsundersøking i kvart fylke. Store delar av undersøkinga er lik for alle fylke, men det er gitt rom for å ta med nokre ekstra spørsmål som er aktuelle for det enkelte fylket. Det har dei seinare åra vore eit samarbeid mellom NAV og Møre og Romsdal fylkeskommune i forhold til aktuelle tilleggsspørsmål. For fylkeskommunen har blant anna spørsmål knytt til lærlingar og lærlingordninga vore viktig å få tilbakemelding frå bedriftene om.
NAV si bedriftsundersøking gir eit unikt innblikk i bedriftene si vurdering av deira kompetansebehov og ikkje minst etterspurnad etter arbeidskraft. Sjølv beskriv NAV undersøkinga som ei årleg temperaturmåling av situasjonen i arbeidsmarknaden. Rapporten med resultata finn du på NAV sine heimesider.
Fleire bedrifter er positive til å tilsette personar med behov for tilrettelegging
Temaet utanforskap har dei seinare åra vore diskutert mykje og temaet er stadig framme i det offentlege ordskifte. Ei aldrande befolkning og etter kvart færre i yrkesaktiv alder, er hovudårsaka til at det er sett fokus på personar i utanforskap. Er det mogleg å få fleire i aktivitet, er det sjølvsagt bra for den enkelte, men òg viktig for samfunnet som treng arbeidskraft. Det store spørsmålet er om det er rom for dei som kanskje har hol i CV-en eller treng tilrettelegging for å kunne delta i arbeidslivet. I NAV si bedriftsundersøking for 2026 gir bedriftene i fylket positive signal i forhold til dette.
I 2026 svarar 45 prosent av bedriftene som deltok i undersøkinga at dei er opne for å tilsette personar med hol i CV-en eller som har nedsett funksjonsevne. Dette er ein stor og positiv oppgang frå tilbakemeldinga i 2025-undersøkinga, då 39 prosent av bedriftene gav slik tilbakemelding. Av bedriftene som svarte ja på spørsmålet peikar ein stor del på NAV si økonomiske støtte (66 prosent) som viktig for inkluderinga. Heile 61 prosent av bedriftene svarar at dei ser på det som ein del av deira samfunnsoppdrag. Av dei bedriftene som svarar nei på spørsmålet om å tilsette personar med hol i CV-en eller med tilretteleggingsbehov, svarar så mange som 77 prosent av bedriftene at dei har manglande ressursar i bedrifta til å følge opp personar med tilretteleggingsbehov eller hol i CV-en.
Om lag 1/3 av bedriftene ønsker å tilsette fleire lærlingar
I bedriftsundersøkinga i 2026 svara 35 prosent av bedriftene, som svarte på dette spørsmålet, at dei ønsker å tilsette fleire lærlingar. Vidare på spørsmålet om kva som er mest avgjerande for å tilsette lærlingar, svarar 65 prosent av bedriftene at dei har behov for fleire tilsette med yrkesfagleg kompetanse. Av bedriftene svarar 45 prosent at den økonomiske støtta er viktig, samstundes som 45 prosent av bedriftene peikar på tilgang på god rettleiing og støtte i oppfølginga av lærlingane er viktig.
Av dei bedriftene som ser på det som lite aktuelt å tilsette fleire lærlingar, svarar størst andel av bedriftene (41 prosent) at dei ikkje har nok ressursar til å følge opp lærlingar.
