Mest til helse og omsorg
Sjølv om kommunane har dei same oppgåvene er det litt ulikt korleis dei har fordelt eigne midlar på ulike tenesteområde. Fordelinga vil vere basert på lokale behov og prioriteringar i den enkelte kommune. Til dømes vil befolkningssamansettinga påverke fordelinga mellom sektorane.
Helse- og omsorgssektoren er det området der kommunane brukar mest ressursar. Med ei aldrande befolkning vil behovet for kommunale helse- og omsorgstenester auke i åra som kjem. Samstundes har det vore ein vedvarande vekst i ressurskrevjande tenester innan helse, pleie og omsorg – særleg retta mot yngre brukargrupper. Denne utviklinga skaper eit aukande press på sektoren. Grunnskulen er det nest største området, etterfølgt av barnehagesektoren. Til saman står desse tre sektorane for om lag 70 prosent av kommunane sine brutto driftsutgifter.
Meir informasjon om kommuneøkonomi finn du i den årlege rapporten til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal om «Utviklinga i kommuneøkonomien»
