Aukande kraftbehov utfordrar kraftsystemet i Møre og Romsdal
Møre og Romsdal står i ein krevjande energisituasjon. Kraftforbruket er vesentleg høgare enn kraftproduksjonen og nettkapasiteten er sterkt utfordra. Korleis kraftsystemet blir utvikla dei komande åra vil ha stor betydning både for forsyningstryggleik, næringsutvikling og den grøne omstillinga.
I 2025 var den samla kraftproduksjonen i Møre og Romsdal 8,3 TWh, medan kraftforbruket var 13,3 TWh. Med eit underskot på 5 TWh er fylket allereie avhengig av kraftimport frå andre område. Samtidig er det ein betydeleg vekst i etterspurnaden etter kapasitet, særleg frå datasenter, industriverksemder og oppdrettsnæringa.
Etterspurnaden kjem tydeleg til syne i tilknytingssakene hos Statnett. Per juli 2026 omfattar desse over 1 200 MW nytt forbruk, der rundt 200 MW har fått reservert kapasitet medan over 1 000 MW framleis står i kø. På produksjonssida gjeld sakene i hovudsak effektoppgraderingar ved dei sentrale knutepunkta Viklandet, Aura og Ørsta trafostasjon. Desse kan gi betre utnytting av eksisterande kraftressursar, men berre avgrensa auke i energiproduksjonen. Mange av forbruksaktørane er dessutan lokalisert slik at dei er avhengige av oppgraderingar i regional- og distribusjonsnettet for å få tilgang til nødvendig kapasitet.
Kraftforbruket er konsentrert i nokre få kommunar. Sunndal, Aukra, Hustadvika og Ålesund stod samla for om lag 75 prosent av det totale kraftforbruket i fylket i 2025. Metallindustrien er den klart største forbrukaren med 6,1 TWh, etterfølgd av hushaldningane med 2,0 TWh og utvinning av naturgass med 1,7 TWh. Kjemisk industri og informasjonstenester nytta høvesvis 0,6 TWh kvar. For sektorvis energibruk i kvar enkelt kommune, sjå NVE Energibruk i kommunar.
Den samla installerte produksjonskapasiteten i fylket er om lag 1 800 MW, med ein forventa årsmiddelproduksjon på rundt 7,5 TWh. Produksjonen varierer frå år til år som følge av mellom anna nedbør, tilsig, marknadsforhold og tekniske forhold. Vasskraft dominerer energiproduksjonen med om lag 1 600 MW installert effekt. Dei største produksjonskommunane er Sunndal, Fjord, Surnadal, Rauma og Volda. Vindkraftanlegga i fylket har samla ein installert effekt på i overkant av 180 MW.
Solkraft utgjer framleis ein liten del av den samla energiproduksjonen. Estimert produksjon frå solkraft er om lag 10 GWh årleg, fordelt på rundt 15 MW installert effekt. Molde og Ålesund står for om lag 55 prosent av den installerte effekten. Utbyggingstakta i 2026 ligg høgare enn på same tid året før. Samtidig viser analysar at det finst eit stort unytta potensial for lokal solkraftproduksjon, estimert til 13,7 TWh årleg på bygg og grå areal. Oversikt over solkraftpotensial per kommune finst i Energi Dashboard.
Historisk har Møre og Romsdal hatt lågare prisar enn mange andre delar av landet, mellom anna som følge av god tilgang på vasskraft og flaskehalsar i nettet. I 2026 har straumprisane vore uvanleg høge, i hovudsak på grunn av historisk låg magasinfylling i Midt-Noreg. Prisnivået blir påverka av fleire faktorar, mellom anna tilsig og magasinfylling, produksjon frå andre energikjelder, etterspurnad etter straum og overføringskapasiteten til andre prisområde. På lengre sikt er det venta større variasjonar i prisane og eit høgare gjennomsnittleg prisnivå enn det som har vore vanleg historisk.
For informasjon om planlagde investeringar i kraftnettet, sjå NVE si løysing Plannett. For meir informasjon om energisituasjonen i fylket, sjå nettsida Energi - Møre og Romsdal fylkeskommune.
%202.png)