Auka gjennomføring i vidaregåande opplæring
Av elevane som starta i vidaregåande opplæring i 2019, gjennomførte 83,2 prosent av elevane etter 5/6 år (6 år for yrkesfag). Dette er ein auke i gjennomføringa samanlikna med 2018-kullet, som hadde ein gjennomføringsprosent på 82,8. Kullet elevar som starta i vidaregåande opplæring i 2014, hadde ei gjennomføring på 80,6 prosent. Gjennomføringa har auka med 2,7 prosentpoeng frå 2014-kullet til 2019-kullet.
Møre og Romsdal har over år vore eitt av fylka med best gjennomføring i vidaregåande opplæring. For 2019-kullet var det berre i Rogaland, Akershus og i Oslo at gjennomføringa var betre, med høvesvis 83,5 prosent, 84,2 prosent og 85,3 prosent gjennomføring. Oslo har 2 prosentpoeng høgare gjennomføring samanlikna med Møre og Romsdal. Det må då leggast til at Oslo tradisjonelt har hatt ein låg del elevar i yrkesfaga, mens Møre og Romsdal har mange elevar i yrkesfaglege utdanningsprogram. Gjennomføring i yrkesfaga er lågare enn for dei studieførebuande faga. Ein av grunnane til dette er at det i mange fylke kan vere ei utfordring å ha nok lærlingplassar.
Liten forskjell i gjennomføring mellom kjønna i yrkesfaga
Gjennomføring for gutar og jenter i yrkesfaga var for 2019-kullet veldig lik. Gutane er eit hestehovud framføre med 74,6 prosent gjennomføring etter 5/6 år, mens jentene hadde ei gjennomføring på 74,3 prosent. I dei studieførebuande utdanningsprogramma har jentene høgare gjennomføring enn gutane. For jentene i 2019-kullet var gjennomføringa på 93,8 prosent mot gutane som hadde ei gjennomføring på 90,0 prosent.
10 prosent sluttar undervegs
Av elevane som starta i vidaregåande opplæring i 2019, slutta 10,3 prosent undervegs i utdanningsløpet. Av alle elevane fullførte 72,9 prosent etter normert tid, som er 3 år for dei studieførebuande utdanningsprogramma og 4 år for dei som gjennomfører eit yrkesfagleg utdanningsprogram. Yrkesfaga har normalt 2 år opplæring i skole og avsluttar med 2 år i bedrift. Av 2019-kullet brukte 10,3 prosent av elevane inntil 2 år ekstra for å gjennomføre vidaregåande opplæring. Det kan vere fleire årsaker til dette, til dømes at dei gjer eit omval, blir sjuke og må gå eit skoleår på nytt, eller at dei tek eit friår for å gjere noko anna. Av 2019-kullet gjennomførte 1,8 prosent av elevane etter 5/6 år med planlagt grunnkompetanse. 2,2 prosent av elevane har gjennomført Vg3 eller gått opp til fag-/sveineprøve utan å ha bestått. Dette er altså ei gruppe som er nær ved å gjennomføre vidaregåande opplæring. Etter 5/6 år etter oppstarten i vidaregåande opplæring er det 2,5 prosent av 2019-kullet som framleis er i vidaregåande opplæring.