Auke i talet på omsette bustadar i fylket
Talet på omsette bustadar i fylket auka frå 3 962 omsetnadar i 2024 til 4 541 omsetnadar i 2025, ein auke på 579 omsetnadar eller 14,6 prosent. Det var med andre ord ein markant oppgang i talet på omsetnadar frå 2024 til 2025. Talet på omsetnadar omfattar ikkje berre sal av bustadar, men omfattar òg gåveoverføringar, skifteoppgjer, uskiftebevilling og tvangssal. Det gir likevel ein god indikasjon på aktiviteten i bustadmarknaden det enkelte år.
For den enkelte kommune varierer talet på omsetnadar frå år til år. Ålesund kommune er døme på ein kommune som hadde ein sterk vekst i talet på omsetnadar i 2025. Der auka talet på omsetnadar frå 1 023 omsetnadar i 2024 til 1 349 omsetnadar i 2025, ein auke på 31,9 prosent.
Bustadprisane var i 2025 høgast i Ålesund og Molde med ein snittpris på 4,46 millionar i Ålesund og 4,28 millionar i Molde.
Omsettinga av fritidseigedomar har stabilisert seg
Omsettinga av fritidseigedomar har dei siste åra stabilisert seg. I 2025 vart det omsett 395 fritidseigedomar i Møre og Romsdal mot 397 og 396 i 2023 og 2024. Stengte grenser og generelle reiserestriksjonar fekk mange til å kjøpe seg hytte under Koronapandemien. I 2021 vart det omsett 621 fritidseigedomar i Møre og Romsdal, langt fleire enn normalt dei siste åra. Dei siste åra har i tillegg høgare rente og ei generell prisstiging vore med å stabilisere etterspurnaden etter fritidseigedomar.
Det er i dei fleste kommunane variasjon i omsettinga av fritidseigedomar frå år til år. I Kristiansund var det til dømes ein oppgang frå 6 omsette fritidseigedomar i 2024 til 13 omsetnadar i 2025, ein oppgang på 116,7 prosent. I 2023 vart det i Kristiansund omsett 24 fritidseigedomar, noko som er med å understreke variasjonen frå år til år. I Ålesund var det ein tilbakegang i omsettinga av fritidseigedomar frå 56 omsetnadar i 2024 til 44 omsetnadar i 2025, ein nedgang på -21,4 prosent.
