Fleire søkarar til vidaregåande opplæring
Til skoleåret 2023/2024 var det i Møre og Romsdal 3 714 søkarar med ungdomsrett til utdanningsprogram på Vg1-nivå. Dette er ein liten auke frå skoleåret 2022/2023, då det var 3 553 søkarar til Vg1. Hovudårsaka til auken i søkartalet er at elevkullet som går ut av grunnskolen er litt større. Ungdommar som har flykta frå krigen i Ukraina er med å bidra til auke i talet på ungdommar som ønsker skoleplass i vidaregåande opplæring.
Det er utdanningsprogrammet Salg, service og reiseliv som prosentvis har høgast vekst, med ein auke på heile 34 prosent frå førre skoleår. IT og medieproduksjon og Elektro er andre utdanningsprogram som prosentvis har hatt ein auke i søkinga frå skoleåret 2022/2023 med 16 og 14 prosent. For Elektro gir det ein auke på 41 fleire søkarar som har Elektro som 1. ønske samanlikna med skoleåret 2022/2023. I tal søkarar er det utdanningsprogrammet Teknologi- og industrifag som har hatt sterkast vekst i søkinga med 49 fleire søkarar til skoleåret 2023/2024.
Nedgangen i søkinga til Helse- og oppvekst held fram med ein nedgang på 6 prosent. Med tanke på behovet for tilsette i omsorgsyrka i åra som kjem, gir dette grunnlag for bekymring med tanke på å rekruttere nok fagarbeidarar inn i desse yrka.
Flest søkarar til yrkesfaga
Totalt for dei studieførebuande utdanningsprogramma er det 50 fleire søkarar med ungdomsrett til skoleåret 2023/2024 enn til førre skoleår, dette representerer ein vekst på 3 prosent. Samla for alle dei yrkesfaglege utdanningsprogramma er det ein auke på 111 søkarar samanlikna med skoleåret 2022/2023. Dette utgjer ein vekst på 5 prosent i søkinga til dei yrkesfaglege utdanningsprogramma.
Samla er det 59 prosent av søkarane til Vg1 skoleåret 2023/2024 som har søkt seg til dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Samanlikna med skoleåret 2022/2023 er dette ein oppgang på eitt prosentpoeng.
Stabil søking til læreplass dei siste åra
Til skoleåret 2023/2024 var det 1 231 søkarar til læreplass, til samanlikning var det 1 246 og 1 254 søkarar til læreplass dei to føregåande åra. Med andre ord har søkinga til læreplass vore god og stabil dei siste tre skoleåra.
Teknologi- og industrifag er det største lærefaget med 431 søkarar. Dette er ein nedgang på 25 søkarar frå skoleåret 2022/2023. Faget Elektro og datateknologi hadde ein liten vekst på 4 søkarar frå skoleåret 2022/2023 til skoleåret 2023/2024. Bygg- og anleggsteknikk hadde óg vekst i søkartala, frå 157 søkarar skoleåret 2022/2023 til 170 søkarar skoleåret 2023/2024. Faga Restaurant- og matfag og Service og samferdsel hadde óg vekst i søkartala til skoleåret 2023/2024.
For helse og oppvekstfag er det framleis nedgang i talet søkarar til læreplass. Skoleåret 2023/2024 er talet på søkarar til dette faget 154, ein nedgang på -27 søkarar eller -14,9 prosent frå skoleåret 2022/2023. Det har vore nedgang i søkartala til faget dei siste tre skoleåra, til samanlikning var det 219 søkarar til læreplass i helse- og oppvekstfag skoleåret 2020/2021.
Fleire søkarar til læreplass frå Ørsta
Av dei tre største byane i fylket var det berre i Kristiansund det var vekst i søkarar til læreplass skoleåret 2023/2024, auken var rett nok marginal med to søkarar meir en førre skoleår. I Molde var det ein nedgang i søkinga til læreplass frå skoleåret 2022/2023 til skoleåret 2023/2024 på 26 søkarar. I Ålesund var det 251 søkarar til læreplass skoleåret 2023/2024, ein liten nedgang på 5 søkarar frå førre skoleår. Kommunane Ørsta og Volda kan vise til ein fin vekst i talet søkarar til læreplass. Størst vekst var det i Ørsta der søkartalet vaks med 23 søkarar.