14. Samferdsel

Buss

På slutten av 2022 er passasjertala tilbake på 2019-nivå

Totalt vart det registrert 8,1 millionar reisande med buss i Møre og Romsdal i 2022. Dette er 24 prosent høgare enn talet for 2021, men derimot 12 prosent lågare enn talet for 2019. Totalt var det nærmare 1,1 millionar færre registrerte busspassasjerar i 2022 enn i 2019. I 2022 var det om lag 2,8 millionar registrerte skuleskyssreiser, som utgjer 35 prosent av alle betalte bussreiser.

Reisetala i starten av 2022 blei prega av korona, gratis buss og ingen billettering i Ålesund i perioden 21. august – 21. oktober, samt innføring av bompengar i Ålesund 21. august. Isolert for november og desember 2022, er talet i reisande tilbake på same nivå som i 2019.

Ved å sjå nærmare på bybussane i Ålesund, Molde og Kristiansund på kvardagar i 2022, ser ein tydeleg effekten av gratisbuss-perioden i Ålesund. I september var det i Ålesund om lag 330 000 passasjerar totalt, eller nærmare 15 000 daglege passasjerar på kvardagar. Det vil seie 81 prosent fleire enn i 2019. I Molde var det om lag 2 500 daglege passasjerar, medan det i Kristiansund var 1 800 daglege passasjerar for bybussane. For året samla kom Ålesund 21 prosent og Kristiansund 3 prosent over 2019. Molde hamna 5 prosent under 2019 nivå.

På ein normal kvardag i november 2022 var det nærmare 40 000 påstigande passasjerar i fylket. 30 prosent av desse hadde avreise mellom kl. 06.00 og 08.59, og 36 prosent mellom kl. 13.00 og 15.59. Dette betyr at 65 prosent av alle reiser er fordelt på desse 6 timane i løpet av døgnet. Dette inneber at dei to nemnte tidsromma er dimensjonerande for kva kapasitet (kor store bussar vi brukar på rutene) vi får resten av døgnet, når etterspurnaden ikkje er like stor. Det er også i perioden med flest reiser at potensialet for nye reiser er størst.

Forrige tema:
Neste tema: