Må importere over 40 prosent av straumen
I åra framover er bruken av elektrisitet venta å stige i fleire sektorar og på nye område, særleg grunna elektrifisering av industri, olje- og gassverksemda på norsk sokkel, transport og ny kraftkrevjande næring.
Elinett oppgir at kraftforbruket (=elektrisitet) i Møre og Romsdal var 13,4 TWh* (13 400 GWh) i 2021. 4,7 TWh gjekk til alminneleg forbruk medan kraftintensiv industri (KII) brukte 8,4 TWh, altså 64 prosent. Eksisterande kraftkrevjande industri omfattar Hydro Sunndal, Omya Hustadmarmor, Troll Housing, Tjeldbergodden Industrianlegg (Equinor) og gassprosessanlegget på Nyhamna.
Samla middelproduksjon av straum i Møre og Romsdal er ca. 7,3 TWh i året, altså om lag 54 prosent av forbruket på 13,4 TWh. Faktisk produksjon er henta frå utgått statistikk som vi ikkje har tilgang til oppdaterte tal for.
I følgje NVE har vi 162 vasskraftverk i fylket, med samla, middelproduksjon på 6 871 GWh i året. Samla installert effekt** er 1 570 MW. I Surnadal, Fjord og Rauma er ny vasskraft med samla installert effekt på 4 MW og venta årsproduksjon på 15 GWh under bygging, dette er både ny vasskraft og planendringar. Meir informasjon ligg på nettsidene til NVE, status for ny vannkraftproduksjon.
I Møre og Romsdal har vi tre vindkraftverk; Sandøy, Smøla og Haram, med samla installert effekt på 188 MW og samla middelproduksjon på 493 GWh i året. Meir informasjon ligg nettsidene til NVE, Data for utbygde vindkraftverk i Norge.
Det er installert 313 solcelleanlegg i Møre og Romsdal, med samla installert effekt på 5 MW og samla, forventa, årleg produksjon på 4 GWh. 51 prosent av effekten er installert på bustader, tenesteytande næring har installert 32 prosent av effekten og jordbruk, skogbruk og fiske står for 11 prosent. Meir informasjon ligg nettsidene til NVE, Oversikt over solkraft i Norge.
Det er i kommunane Volda og Ålesund, og dernest Surnadal og Molde at det er installert mest solkraft i Møre og Romsdal.
Meir informasjon om kraftsituasjonen i Møre og Romsdal finn du i regional kraftsystemutgreiing for Møre og Romsdal.
*Energi = evne til å utføre arbeid. [kWh]
1 TWh = 1 000 GWh = 1 000 000 MWh = 1 000 000 000 kWh
**Effekt = omsatt energi pr. tidsenhet, kalles også ytelse. [W]
Effekt er et uttrykk for tempoet arbeidet utføres i. Hvis man heiser en last én meter opp, blir forbruket av energi det samme uavhengig av hvilket tempo arbeidet utføres i, men det kreves mer effekt hvis arbeidet skal utføres på kortere tid.
Robust straumnett
Eit robust leidningsnettet har få straumbrot. Leveringspålitelegheit blir berekna som ikkje levert energi (ILE) , dvs. berekna mengd levert energi som ville blitt levert sluttbruker dersom det ikkje hadde vore svikt i leveringa/avbrot. ILE blir angitt i promille av levert energi (LE). I 2022 var leveringspålitelegheita i Noreg på 99,989 prosent. Det vil si at 0,111 promille av den elektriske energien ikkje nådde fram til sluttbrukar på grunn av feil eller utkoplingar. I Møre og Romsdal er leveringpålitelegheita enno betre enn i Noreg samla sett, der tilsvarande tal var 0,056 prosent. Meir informasjon ligg nettsidene til NVE, Avbruddsstatistikk.