Status quo for gjennomføringa i vidaregåande opplæring
For kvart årskull dei siste 10 åra har gjennomføring i vidaregåande opplæring i fylket vorte betre og betre. Stadig støre del av elevane har gjennomført vidaregåande opplæring innan 5/6 år etter dei starta i vidaregåande opplæring (6 år for yrkesfaglege utdanningsprogram). Det kan no sjå ut som denne utviklinga har stoppa litt opp. Av elevane i 2015-kullet gjennomførte 82,8 prosent av elevane innan 5/6 år etter at dei byrja i vidaregåande opplæring. Til samanlikning gjennomførte 83,0 prosent av elevane i 2016-kullet, med andre ord ei marginal endring på 0,2 prosentpoeng.
Møre og Romsdal er framleis eit av dei fylka i Noreg som har best gjennomføring. For 2016-kullet er det elevane i tidlegare Sogn og Fjordane fylke som har best gjennomføring der 84,5 prosent av elevane gjennomførte vidaregåande opplæring. Om vi ser heile landet under eitt, er den nasjonale gjennomføringa 81,0 prosent. Svakast gjennomføring er det i Finnmark der 71,2 prosent av elevane i 2016-kullet gjennomførte vidaregåande opplæring.
Grunnlaget blir lagt i grunnskolen
Kunnskapen og det grunnlaget som blir lagt i grunnskolen er avgjerande for korleis elevane klarar seg i vidaregåande opplæring. Kor mange grunnskolepoeng elevane har ved avslutninga av grunnskolen har mykje å seie for gjennomføringa av den vidaregåande skolen. Dette er ikkje unaturleg, då grunnskolepoenga i stor grad indikerer den enkelte elev sine føresetnadar for læring.
For elevane som går ut av grunnskolen med 50 poeng eller fleire, er gjennomføringa for elevane som starta i vidaregåande opplæring i 2016 så høg som 98,7 prosent. Dette er i tråd med snittet nasjonalt, som for denne elevgruppa er på 98,4 prosent. I gruppa elevar som har mellom 10-29 grunnskolepoeng gjennomfører berre 44,9 prosent den vidaregåande skolen. For gruppa som hadde 30-39 grunnskolepoeng er gjennomføringa betre i Møre og Romsdal enn landet, med 81,9 prosent mot 77,1 prosent. For dei vidaregåande skolane i fylket er utfordringa å finne gode tilpassingar for dei svakaste elevane for å kunne hjelpe fleire av desse gjennom vidaregåande opplæring.
Størst del gutar gjennomfører yrkesfaga
Av elevane som starta i vidaregåande opplæring i 2016, er det ein større del gutar enn jenter som gjennomfører dei yrkesfaglege utdanningsprogramma i fylket. Blant gutane i yrkesfaga gjennomfører 74,9 prosent vidaregåande opplæring mot 72,7 prosent av jentene. Ser ein alle elevane i yrkesfaga under eitt, gjennomførte 74,1 prosent av elevane i 2016-kullet den vidaregåande skulen.
På dei studieførebuande utdanningsprogramma er det framleis størst del jenter som gjennomfører. Heile 93,1 prosent av jentene på dei studieførebuande utdanningsprogramma gjennomførte vidaregåande opplæring. Tilsvarande for gutane var det 88,7 prosent av gutane som gjennomførte desse utdanningsprogramma. Ser vi gjennomføringa for heile elevgruppa samla var det for 2016-kullet 91,2 prosent av elevane på dei studieførebuande utdanningsprogramma som gjennomførte vidaregåande opplæring.
Elevar frå Sykkylven kommune har best gjennomføring
Elevane frå Sykkylven er best på gjennomføring. Heile 91,3 prosent av elevane i 2016-kullet frå Sykkylven gjennomførte vidaregåande opplæring innan 5 år for elevane på dei studieførebuande utdanningsprogramma eller 6 år for elevane på dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Svakast gjennomføring er det for elevane frå Vestnes og Tingvoll med 74,7 og 77,5 prosent.
Det kan vere relativt store variasjonar i gjennomføringa ulike kull imellom. I fleire av kommunane i fylket er elevkulla små, der mindre endringar mellom elevkulla kan gi store utslag i statistikken. Det er viktig å ha med seg dette og studere utviklinga over tid.