Open fastmark er største arealkategori i Møre og Romsdal
Open fastmark utgjer 39,0 prosent av arealet i fylket. 30,1 prosent av fylket er skog. I Tingvoll kommune utgjer skog 64,3 prosent av arealet. 15,2 prosent av arealet i fylket er bart fjell, grus- og blokkmark, i Sunndal kommune er denne delen heile 33,2 prosent. Jordbruksarealet utgjer 4,2 prosent i Møre og Romsdal. Den kommunen med høgast del jordbruksareal er Giske med 28,3 prosent.
Bebygd område utgjer 2,2 prosent av arealet i Møre og Romsdal i 2023. I bebygd areal ligg alle typar busetnadar, konstruksjonar og permanent opparbeidd overflate og tilhøyrande areal. Giske kommune er også den kommunen i fylket med høgast del bebygd areal, med 18,9 prosent.
61 prosent av strandsona i Møre og Romsdal er tilgjengeleg for allmenta
SSB nyttar omgrepet «potensielt tilgjengeleg strandsone», det inneber at arealet ikkje er brukt til veg eller jernbane, at det ikkje er dyrka mark og at det ligg meir enn 50 meter unna bygningar. Ut frå denne definisjonen er omkring 39 prosent av strandsona langs kysten av Møre og Romsdal utilgjengeleg for allmenn ferdsel.
Av alt strandsonearealet i Møre og Romsdal, utgjer bygningar og bygningsnært areal 18 prosent av påverknadane som avgrensar tilgangen til strandsona. Dyrka mark utgjer også 18 prosent, veg og jernbane omtrent 3 prosent.
27 prosent av det potensielt tilgjengelege strandsonearealet i Møre og Romsdal blir rekna som for bratt for opphald og ferdsel, det vil seie at arealet har ei helling på meir enn 25 grader. I Stranda kommune er heile 84 prosent av den potensielt tilgjengelege strandsona i denne kategorien og i Fjord kommune er delen 76 prosent.
15 av kommunane har større auke i talet på fritidsbustadar enn i Noreg samla sett
Mellom 2014 og 2022 har talet på fritidsbustadar auka med 7,1 prosent i Noreg. I 15 av kommunane i Møre og Romsdal er auken større enn dette, men samla for fylket er auken under landsgjennomsnittet med 6,1 prosent. Også i korona-perioden frå 2020 til 2022 var auken lågare i Møre og Romsdal, 1,2 prosent mot 1,7 prosent i landet samla sett. Kommunane i fylket med størst prosentvis auke i fritidsbustadar frå 2014 er Sula, Sande og Aukra.