7. Kultur

Idrettsanlegg

Møre og Romsdal har best dekning i landet på anlegg for idrett og fysisk aktivitet

Det er registrert i alt 4 531 anlegg for idrett og fysisk aktivitet i Møre og Romsdal. Desse er fordelt på 21 anleggskategoriar og 98 anleggstypar. Det er mest anlegg innanfor anleggskategorien friluftsliv, der det er 1 437 registrerte anlegg.

Det er registrert til saman 56 486 anlegg for idrett og fysisk aktivitet i landet. Desse er fordelt på 24 anleggskategoriar og 22 av desse anleggskategoriane er representert i Møre og Romsdal. Talet anlegg som er registrert i Møre og Romsdal utgjer om lag 8 prosent av anlegga i landet, medan fylket har omkring 5 prosent av innbyggarane i Noreg.

Dei største anleggskategoriane i Møre og Romsdal målt i tal anlegg er friluftslivsanlegg (typisk turstiar), mindre utomhusanlegg (typisk ballbingar), og fotballanlegg (typisk kunstgrasbanar).

Dei tre kommunane med flest registrerte anlegg i Møre og Romsdal er Ålesund, Molde og Hustadvika. Det er registrert 1 550 anlegg i desse tre kommunane og det utgjer meir enn 1/3 av alle registrerte anlegg i Møre og Romsdal.

Kor god anleggsdekninga i eit geografisk område er kan bli målt på ulike måtar. Kultur- og likestillingsdepartementet har ein modell der dei måler anleggsdekninga ut frå 16 anleggstypar som er vekta utifrå brukspotensial og anleggskostnad. Dette blir sett i samanheng med innbyggartalet og kor mange som deler på anlegga. Det vil seie at jo fleire anlegg som finns av dei 16 anleggstypane og jo færre innbyggarar, desto betre blir anleggsdekninga. I denne modellen kjem Møre og Romsdal ut med den beste anleggsdekninga i landet.

Forrige tema:
Neste tema: