11. Klima og miljø

Klimagassutslepp

Vi må kutte klimagassutsleppa med 50 prosent dei neste seks åra!

Klimaendringane har allereie medført alvorlege konsekvensar for natur og samfunn over heile kloden. Dei siste åtte åra er dei varmaste som nokon gong er registrert globalt. Måla i Parisavtalen er at gjennomsnittstemperaturen ikkje skal bli meir enn to grader varmare, og landa skal gjere alt dei kan for at den ikkje skal stige meir enn ein og ein halv grad. Forskjellen på konsekvensane mellom ein og ein halv og to graders oppvarming er drastiske.

Noreg har forplikta seg til å kutte minst 55 prosent av klimagassutsleppa i 2030 samanlikna med 1990. For kommunar og fylkeskommunar nytter vi referanseåret 2009 då vi ikkje har gode fylkes- og kommunevise tal før dette.

Klimagassutsleppa i fylket er redusert med 4,8 prosent frå 2009 til 2021. Det vil seie at vi har om lag 50 prosent igjen som vi må kutte dei neste seks åra fram til 2030. Dette vil krevje årlege kutt på om lag 8 prosent. Til samanlikning er den største samla, årlege reduksjonen vi har hatt sidan 2009 for Møre og Romsdal på 1,8 prosent (frå 2017 til 2018).

Kommunane i fylket har ulike moglegheiter for å kutte i klimagassutsleppa, basert på kva for utslepp og infrastruktur som finnast innanfor kommunegrensa. Det er store forskjellar i kor mykje den enkelte kommunen har kutta i utslepp sidan 2009. Utsleppa har gått opp i nokon kommunar og ned i andre. Aukra er den kommunen som har størst kutt i sine utslepp. Størstedelen av klimagassutsleppa kjem frå sektoren “industri, olje og gass”, og det er også her det største kuttet har vore. Hareid er kommunen med mest auke i klimagassutsleppa. Her er sjøfart den desidert største kjelda til utslepp, og sektoren der utsleppa har auka mest. For meir informasjon om den enkelte kommune, sjå Utslipp av klimagasser i Norges kommuner og fylker - Miljødirektoratet (miljodirektoratet.no).

Sjølv om statistikken viser utslepp innanfor kommunegrensa, er det viktig å ha fokus på heilheita. Det er like viktig å kutte utslepp frå sjøfart i Sunndal som i Gjemnes, sjølv om Sunndal har industriutslepp som gjer at utsleppa frå sjøfart ser relativt liten ut. På same måte må ein ikkje miste fokus på indirekte utslepp, utslepp ein forårsakar utanfor eigen kommune, sjølv om vi manglar statistikk på dette. Dei indirekte utsleppa i ein kommune vil ofte vere mykje større enn dei direkte utsleppa Avgrense klimabudsjettet - KS.

Utslipp og opptak fra skog og arealbruk: For kommuner - Miljødirektoratet (miljodirektoratet.no) skal ikkje blandast saman med resten av statistikken for klimagassutslepp. Målet her er å auke opptak og minske utslepp. Kommunane har eit stort ansvar for å sørge for at vi ikkje bygger ned karbonrike område.

Forrige tema:
Neste tema:

Heading

Heading

What’s a Rich Text element?

What’s a Rich Text element?

The rich text element allows you to create and format headings, paragraphs, blockquotes, images, and video all in one place instead of having to add and format them individually. Just double-click and easily create content.

Static and dynamic content editing

Static and dynamic content editing

A rich text element can be used with static or dynamic content. For static content, just drop it into any page and begin editing. For dynamic content, add a rich text field to any collection and then connect a rich text element to that field in the settings panel. Voila!

How to customize formatting for each rich text

How to customize formatting for each rich text

Headings, paragraphs, blockquotes, figures, images, and figure captions can all be styled after a class is added to the rich text element using the "When inside of" nested selector system.

Headings, paragraphs, blockquotes, figures, images, and figure captions can all be styled after a class is added to the rich text element using the "When inside of" nested selector system.
Forrige tema:
Neste tema:
No items found.
No items found.