Forord

Forord

Korleis går det med oss i Møre og Romsdal?

Dette prøver vi i fylkeskommunen å følgje med på. Kvart år gir vi ut Fylkesstatistikk til fylkestinget i oktober. Her gjer vi opp status for fylket vårt. Kva utfordringar ser vi, kva er vi gode på?

Føremålet med Fylkesstatistikk er å gi eit kunnskapsgrunnlag for eigen organisasjon, for politikarar og administrasjonen i kommunane, for media og andre samfunnsinteresserte.

Det finnes rikeleg med offentleg statistikk som kan gi oss svar på status for Møre og Romsdal. Med Fylkesstatistikk ønsker vi å gjere denne kunnskapen lettare tilgjengeleg og meir relevant for vårt fylke. Stadig fleire direktorat har gode statistikksider som gir informasjon om utvikling i kommunane. Det gjeld for eksempel IMDi, Bufetat, Miljødirektoratet og Folkehelseinstituttet (FHI). For planleggarar vil vi også vise til SSB si nettside om arealbruk i kommunane.

I Fylkesstatistikk viser vi også fram statistikk som fylkeskommunen samlar inn sjølv på område vi har ansvaret for, slik som bruer, tunnelar, kollektivtrafikken, kulturminne, kulturtilbod, talet på søkarar og elevar i vidaregåande opplæring og tannhelsetilbodet.

Mykje av innhaldet i fylkesstatistikken er fast frå år til år. Dette er tema det er viktig å følge utviklinga på, slik som folketalsutvikling, sysselsetting og arbeidsmarknad, pendling, utdanningsval, bustadbygging og kommuneøkonomi. Noko variasjon over tema prøver vi likevel å ha. I år har vi mellom anna teke med fleire nye tema om klima og miljø, ei framskriving av eldre sine behov for omsorgstenester om 15 år og økonomisk situasjon for hushalda.

Så kva er svaret – korleis går det med Møre og Romsdal? Vi er av dei som lev lengst i landet, det er berre i Vestland fylke at dei har lenger forventa levealder enn oss. Langt dei fleste lever gode liv i fylket vårt. Vi kjem ut betre enn landsgjennomsnittet på mange sosiale og økonomiske faktorar. Men det gjeld ikkje alle, nokon fell utanfor både sosiale fellesskap og arbeidsfellesskap. Det legemeldte sjukefråværet aukar og psykiske lidingar står for snart ein fjerdedel av fråværet. Samtidig er behovet for arbeidskraft større enn på lenge – både næringslivet og offentleg sektor slit med å få tak i kvalifisert personale. Store årskull er iferd med å bli pensjonistar. Og i fjor var det for første gong fleire som døde enn som vart fødd i Møre og Romsdal.

Konkurransen om folk hardnar til – og vinnarane er Stor-Oslo og andre store byar. Igjen er det innvandrarane som sikrar folketalsveksten i fylket. Mange kommunar gjer no ein formidabel innsats for å busette flyktningar frå Ukraina og andre land. Dette har også aktualisert bustadpolitikken og bustadtilbodet – som du også kan lese om i Fylkesstatistikk.

Ta gjerne kontakt med oss på statistikk@mrfylke.no om du har spørsmål eller kommentarar til Fylkesstatistikk 2023, som i år berre finst i elektronisk utgåve. Sei også ifrå om det er tema du ønskjer vi skal legge inn, det er no mogleg å gjere.

Forrige tema:
Neste tema: