14. Samferdsel

Veginvesteringar

Investeringar på over 2 milliardar kroner i ferjekaier på fylkesvegnettet

Møre og Romsdal fylkeskommunen har dei siste åra brukt betydelege beløp på oppgraderingar av ferjekaier i fylket. Dette er ei satsing som vil halde fram i åra som kjem. Elektrifiseringa av ferjene er hovudårsaka til desse investeringane.  

Miljøferjene i Møre og Romsdal har i tillegg til batterielektrisk framdrift også dieselaggregat i tilfelle feil med batteriløysinga eller at det elektriske nettet får nedetid.  

Miljøferjene er i mange tilfelle større enn dei gamle dieselferjene. Det er difor behov for å forlenge og forsterke ferjekaiene. Oppgradering av ferjekaier og el-nettet er «skreddarsaum»: Kvar ferjekai er unik, mellom anna fordi botnforholda varierer, storleiken på ferja, og straumbehovet varierer.

Enova gir tilskot til klimatiltak som reduserer utslepp av klimagassar. 232 millionar kroner frå Enova blir bruka til klimatiltak på ferjekaier på fylkesvegnettet i Møre og Romsdal.

Fylkeskommunen skal investere rundt 2,12 milliardar kroner (inkl. meirverdiavgift) i ferjekaier i perioden 2018-2026, fordelt på infrastruktur kai med 1,37 mrd. kroner og infrastruktur miljø med ca. 0,75 mrd. kroner. Infrastruktur kai inneber kort forklart forlenging og forsterking av kaiene på grunn av dårleg tilstand. Infrastruktur miljø inneber investeringar til blant anna oppgradering av el-nettet, ladeutstyr og automatisk fortøying av ferjer, samt bygging av nye ferjekaier for miljøferjer.  

Investeringar i infrastruktur kai (utan miljø) i perioden 2018-2026 utgjer 8 prosent av det samla, estimerte vedlikehaldsetterslepet på fylkesveg (16,8 mrd. kroner inkludert meirverdiavgift).

Forrige tema:
Neste tema: