17. Likestilling og demokrati

Listekandidatar

Færre yngre og kvinner på listene til fylkestingsvalet

Av dei 560 kandidatane som stod på liste til fylkestingsvalet i Møre og Romsdal i september 2023, var 193 over 60 år. Det utgjer 34,5 prosent av listekandidatane. Førre fylkestingsval utgjorde denne aldersgruppa 31,2 prosent av kandidatane. Det er klart flest menn blant dei eldre kandidatane. Berre 36,8 prosent er kvinner. Det er omtrent same kjønnsfordeling som i 2019.

Gruppa under 30 år er dårlegast representert på listene. Dei utgjer rundt 20 prosent av befolkninga over 18 år i Møre og Romsdal, men berre 8,2 prosent av listekandidatane. Det er også 3,1 prosentpoeng lågare enn i 2019. Kvinnene utgjer 45,7 prosent av dei under 30 år på fylkestingslistene, denne delen er stabil frå 2019.

Totalt var kvinnedelen på fylkestingslistene 41,3 prosent, det er 1,6 prosentpoeng lågare enn i 2019. Det er litt under landsgjennomsnittet på 42,1 prosent.  

39,6 prosent kvinner på listene til kommunevalet

Av dei 3 911 som takka ja til å stå på ei politisk liste til kommunevalet i Møre og Romsdal i år, var det 1  550 kvinner. Kvinnene utgjer med det 39,6 prosent. Det er ein nedgang på 1,3 prosentpoeng frå valet i 2019. Lands-gjennomsnittet for lister til kommunevalet i 2023 var 42,1 prosent, også nasjonalt er det ein nedgang på 0,7 prosent.

Det er stor skilnad i kvinnedel på listene både mellom kommunar og parti. Tre nordmørskommunar ligg på toppen av kommunerangeringa – alle med 45 prosent kvinner; Surnadal, Sunndal og Tingvoll. Lågast del kvinner på listene har partia i Rauma og Stranda – med ein del på 33,6 og 33,7 prosent.

Sosialistisk Venstreparti er einaste partiet med eit fleirtal kvinner på sine vallister til kommunevalet (52,5 prosent). Deretter følgjer Rødt (50,0 prosent) og Miljøpartiet dei Grøne (49,4 prosent). Lågast del kvinner på listene hadde Framstegspartiet med 21,3 prosent og Høgre med 33,6 prosent kvinner. I samlekategorien «Andre lister» var det berre 27,4 prosent kvinner.  

https://www.ssb.no/valg/kommunestyre-og-fylkestingsvalg/statistikk/kommunestyre-og-fylkestingsvalget-kandidater-og-representanter

Forrige tema:
Neste tema: