Mangel på brøyting og strøing til hinder for framkomst til offentlege møtestadar
Universell utforming er å planlegge utforminga av miljøet på ein slik måte at det kan nyttast av så mange menneske som mogleg, der hensikta er å oppnå lik samfunnsdeltaking og motverke diskriminering på grunnlag av nedsett funksjonsevne.
Folkehelseundersøkinga i Møre og Romsdal inneheld spørsmål om universell utforming, blant anna inneheld den spørsmål om ein opplev vanskar med å besøke butikkar, serveringsstadar eller offentlege tenester og møteplassar. Her er manglande strøing og brøyting det som skaper vanskar for flest.
Heile 64 prosent svarar i folkehelseundersøkinga i Møre og Romsdal (2021) at manglande brøyting og strøing av og til eller ofte er eit hinder for å besøke butikkar, serveringsstadar eller offentlege tenester og møteplassar. Tala viser at det er dei eldste (70 år +) og dei yngste (18 - 29 år) som opplev i størst grad at brøyting og strøing er til hinder for bruk av tilbod og møteplassar. Blant dei som svarer at dei opplever dårleg brøyting og strøing så ofte at dei ikkje går ut på grunn av det, er det flest i alderen 18 – 29 år.
Mange manglar trinnlaus framkomst til eigen bustad
Universell utforming av private bustadar er viktig for at fleire skal kunne bu heime lenger. I folkehelseundersøkinga i Møre og Romsdal blei det også samla inn informasjon om kor mange av deltakarane som har trinnlaus framkomst til eigen bustad. Om lag to av tre av dei som svarte på undersøkinga rapporterer at dei ikkje har trinnlaus tilgang inn og ut av eigen bustad. Her er det Sunndal kommune som kjem dårlegast ut, der 83,3 prosent svarar at dei ikkje har trinnlaus framkomst til eigen bustad. Hareid kommune kjem best ut, der 39 prosent rapporterer trinnlaus framkomst.